Nye veier til dramaserier

Publisert: 09.03.2017 | Sist endret: 09.03.2017

Ved å innlemme dramaseriar i Nye veier, ønsker vi å stimulere kunstnarleg vågemot og nybrottsarbeid innanfor eit felt der det verkeleg kokar og skjer bra ting for tida

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Som for dei andre formata i denne ordninga, vil vi fokusere på forteljaren, i dette tilfelle serieskaparen. Ein personleg innfallsvinkel og eit ope og søkande utviklingsløp er viktige siktemål. Samstundes vil vi legge vekt på at vi utviklar prosjekt og forteljarar som er flygedyktige i den marknaden dei skal ut og konkurrere i; ein digital arena i stadig endring. Serie-verda er eit felt med stort mangfald i både form og innhald. Det skal prege utvalet av prosjekt i ordninga.

Serieproduksjon er, til skilnad frå dei andre formata i Nye veier, såpass omfattande at vi ikkje vil utvikle og produsere ferdige verk. Produksjon av ein pilot vil derfor vere ein viktig del av utviklingsarbeidet, for å synleggjere prosjektets fortlejarmessige eigenart. Det er ingen særskilde krav til lengde på piloten, men den skal minst bestå av ei akt; eit dramatisk forløp med eit vendepunkt, forankra i eit av seriens episodemanus.

Arbeidet med dramaseriar i Nye veier vil vere todelt. Vel vitande om at det er mange fruktbare innfallsvinklar og metodikkar, vil utviklingsarbeidet grovt sett kunne delast inn som følger:

Utviklingssteg 1 – Prosjektutvikling

Overordna mål i denne fasen er å utvikle ideen til eit nivå der potensialet som serie blir tydeleg. Dokument som vil inngå i dette er:

Grunnhistorie

Utvikle ideen til eit nivå der det kan skrivast eit samandrag av den sentrale historia med fokus på den/dei sentrale karakterane. 

Orkestrering

Utvikle konsise karakterskisser med vekt på rolle og relevans i hovedhistoria.

Setting 

Overordna skildring av verda denne forteljinga finn stad i.

Pitch 

Presentasjonsdokument / hand out til bruk vidare i arbeidet med å realisere serien.

Utviklingssteg 2 – Konseptualisering

Overordna mål i denne fasen er å uttrykke seriens innhald og kunstnarlege uttrykk på eit nivå som vil kunne avklare potensiell produksjonsbeslutning. I dette vil følgande inngå:

Pilotepisode, manus 

Seriens første episode i manusform.

Bibel

Seriens skriftlege referansedokument. Bør innehalde følgande:

  • Karakterbiografiar: Korte skisser på dei sentrale karakterane i serien.
  • Sesongsynopsis: Historia som skal forteljast i løpet av sesongen, enten som overordna synopsis for alle episodane eller i form av korte episooderesymè.
  • Konseptnotat: Seriens konseptuelle siktemål; form, stil og forteljarteknisk eigenart.
  • Ethos: Seriens emosjonelle forankring/grunngjeving . Kvifror akkurat denne historia på akkurat denne måten?
  • Pilot: Minimum ein akt som ferdig film. Eit dramatisk forløp som ender med eit vendepunkt og som gir ein konkret peikepinn på form og innhald.