Publisert: 02.12.2011 | Sist endret: 12.10.2012
Bens Cafe finn du i første etasje på Filmens Hus.
Tips sendt!
* = Påkrevd felt
Kafeen serverer rettar som salatar, baguettar, smørbrød, kaker og supper i tillegg til dagens varme rett. Kafeen er ein hyggeleg møteplass for besøkande og tilsette på Filmens Hus.
Verten Ben har lang erfaring og variert bakgrunn og kan lage alt frå enkel og smakfull kvardagskost til meir avanserte og utsøkte rettar for spesielle høve og arrangement.
Kafeen held ope måndag-fredag kl. 09.00-21.00, laurdag kl. 12.00-15.00 og søndag kl. 13.00-21.00. I tillegg vil det vere utvida opningstid i samband med arrangement og filmfestivalar.
Om du ønsker å bestille mat til eit arrangement eller har spørsmål om tilboda til kafeen, ta kontakt med Bens cafe på tlf 92 65 05 67
Vi ønsker alle gjestane våre velkomne!
