Publisert: 26.04.2010 | Sist endret: 08.02.2013
Den vanlegaste måten å hente utanlandsk produksjonskapital inn i filmprosjekt, er gjennom samproduksjon. Samproduksjon er ein form for produksjon av film og andre audiovisuelle produksjonar der produksjonsselskap frå to eller fleire land går saman om å finansiere og gjennomføre produksjonen, på grunnlag av ein juridisk bindande avtale som fastlegg forpliktingane og rettane til partane.
Tips sendt!
* = Påkrevd felt
Samproduksjon under Den europeiske samproduksjonskonvensjonen
Noreg slutta seg til Europarådets konvensjon om samproduksjon av film i 2009. 40 europeiske land har til no (2010) slutta seg til konvensjonen. Konvensjonen trådde i kraft i 1994 og krev at den aktuelle produksjonen er eit samarbeidsprosjekt mellom produsentar i minst tre land (to land dersom det ikkje eksisterer ein bilateral samproduksjonsavtale mellom desse). Produksjonar som oppfyller krava til konvensjonen sikrar samarbeidspartnarane åtgang til støtteordningane i landa deira.
Samproduksjon under bilaterale samproduksjonsavtalar
Prinsippet for bilaterale samproduksjonsavtalar er det same som for Den europeiske samproduksjonskonvensjonen: Prosjekt som godkjennast under avtalen er sikra åtgang til dei støtteordningane som gjeld i heimlanda til kvar av produsentane. Noreg har no (2010) éin bilateral avtale om samproduksjon med Canada frå 1998. Avtalen finn du lenke til over til høgre.
Samproduksjon utanfor Den europeiske konvensjonen og bilaterale avtalar
Det er fullt mogleg å samprodusere film med ein eller fleire utanlandske partnarar også utanfor samproduksjonsavtalar. I slike tilfelle har produsentane likevel ikkje krav på å kunne nyte godt av dei nasjonale støtteordningane sine, og det blir opp til dei nasjonale forvaltningsorgana å vurdere om dei vil innvilge støtte til prosjektet. Tradisjonelt har samproduksjon innanfor Norden eksempelvis gått føre seg utan støtte i samproduksjonsavtalar.
