Delta på kurs, seminar, verkstadar og meisterklassar

For å kunne delta på kurs, seminar, verkstadar og masterklassar i regi av Norsk filminstitutt må du søke om plass på enkelt kurs.

Kven kan søke?

Alle profesjonelle filmarbeidarar kan søke om å delta på kurs, seminar, verkstadar og meisterklassar.
I den enkelte kursutlysinga vil målgruppe for kurset alltid vere spesifisert.

Følgjande krav stillast til søkaren:

  • Du må vere busett i Noreg, eit anna EØS-land eller Sveits
  • Du må ha relevant utdanning på bachelornivå eller høgare, eller ha relevant og dokumenterbar filmfagleg yrkeserfaring

 

Korleis søke?

I kurskalenderen finn du ei oversikt over kurs, seminar, verkstadar og meisterklassar som går føre seg i løpet av året. I kursutlysinga vil det alltid vere spesifisert kva som må vere med i søknaden og kven søknaden skal sendast til. Søknad fremmast elektronisk. Alle kursa våre har bindande påmelding – kursavgifta kan berre refunderast ved sjukdom.

 

Kva skjer når søknaden er sendt?

Når søknaden er sendt via nettsidene, vil du få ei automatisk melding om at søknaden er tatt imot av Norsk filminstitutt.
Det vil gå fram av utlysingsteksten kva formål og kva målgruppe kurset rettar seg mot. Søknad om deltaking vil bli vurdert ut frå CV-en til søkaren i tillegg til den faglege grunngjevinga for søknaden.  
Etter at filminstituttet har tatt imot ein komplett søknad, vil du normalt få tilbakemelding innan 10 dagar etter at søknadsfristen har gått ut om du har fått plass på kurset.

 

Kor mykje kostar kurset?

Kursavgifta og kva ho inkluderer vil alltid stå spesifisert i kursutlysinga.

 

Korleis betaler eg for kurset?

Kursdeltakaren får faktura på e-post før kurset startar.

 

Kan ein søke reisestøtte for å delta på kurs?

På nokre av kursa våre tilbyr vi reisestøtte (reise på billegaste måte) for kursdeltakarar som ikkje bur i Austlandsområdet. NFI gir ikkje støtte til opphald. I den enkelte kursutlysinga vil det alltid gå fram om ein kan søke reisestøtte. For kurs haldne i regionane er det den regionen eller dei regionane som er arrangør(ar) som lyser ut eventuelle reisestipend.

 

Høve for klage

Dersom du får avslag på søknaden, eller om du ikkje får den reisestøtten du har søkt om, kan du sende inn klage. Du får informasjon om klageåtgang i vedtaksbrevet frå Norsk filminstitutt. Ved klage blir søknaden din behandla på ny hos Norsk filminstitutt. Dersom vi ikkje kan gjere om vedtaket, blir klagen send til Kulturdepartementet for endeleg avgjerd.

 

Offentlegheitslova

Norsk filminstitutt er som statleg forvaltingsorgan forplikta til å journalføre saksdokument som kjem inn til og som går ut frå verksemda i ein offentleg journal. Dette gjeld alle dokument med innhald som knyter seg til NFIs verksemd. Det gjeld både brev, e-postar og korrespondanse i andre format. Dokumenta er som hovudregel offentlege, slik at presse eller andre har rett til innsyn i dokumenta dersom dei ber om det. Søknadsdokument er offentlege sjølv om søknaden ikkje er behandla av NFI ennå.

Tausheitsbelagte opplysningar som opplysningar om dei personlege forholda til nokon eller såkalla forretningshemmelegheiter er likevel unntatte offentlegheit jf. offentlegheitslovas § 13 og jf. forvaltningslovas § 13 første ledd.

Om opplysningar skal sjåast som tausheitsbelagte etter føresegn i forvaltningslova § 13 kjem an på ei konkret vurdering. Norsk filminstitutt vil ikkje alltid ha tilstrekkelege føresetnadar for å vurdere om saksdokument som vi får frå søkarar og andre partar inneheld slike opplysningar. Særleg vil dette gjelde vurderinga av kva som må sjåast som såkalla forretningshemmelegheiter. Norsk filminstitutt oppfordrar derfor søkar å opplyse i søknaden om kva for nokre opplysningar ein ser som tausheitsbelagte.