Søknadsfristar for EURIMAGES i 2011

Publisert: 24.11.2010 | Sist endret: 24.11.2010

Søknadsfrister og nye regler for søknader til EURIMAGES

Søknadsfristar for EURIMAGES i 2011

Følgjande fristar gjeld for søknad om støtte frå EURIMAGES i 2011

Dato

Handsamingi Board of Management

14. januar 2011

8.-10. mars 2011

13. april 2011

7.-10. juni 2011

29. august 2011

18.-20. oktober 2011

24. oktober 2011

13.-15. desember 20

Sjå detaljar om handsamingsprosessen EURIMAGES kalender

Nye reglar for søknader til EURIMAGES

Frå 1. januar 2011 gjeld nokre nye reglar for søknad om samproduksjonsstøtte frå EURIMAGES:

  • Prosjektet det vert søkt om støtte til, må på søknadstidspunktet vere dokumentert finansiert med minst 50 prosent.  Tidlegare gjaldt at 50 prosent finansiering måtte vere dokumentert innan datoen då søknaden vart handsama i Board of Management (cirka seks til åtte veker seinare).
  • Eit prosjekt kan berre trekkjast attende av produsenten og leggast fram i ny søknad ein gong.  Tidlegare kunne ein trekkje same prosjekt to gonger  (tre framlegg).
  • Opptak kan starte før søknaden vert handsama.  Etter skriftleg søknad med grunngjeving kan direktøren i EURIMAGES gje løyve til at inntil halvparten av opptaka til den aktuelle filmen vert gjorde før søknaden vert handsama i Board of Management.  Tidlegare gjaldt at opptaksstart ikkje kunne vere før datoen då søknaden vart handsama i Board of Management.
  • Budsjettet for prosjektet må innehalde kostnader for ein digital master for framstilling av kopiar etter DSI- eller ISO-standard i minst 2K oppløysing.  Kravet er nytt.

Ei fullstendig utgåve av reglementet for å søkje støtte, inkludert dei nye reglane, er å finne på heimesidene til EURIMAGES på, sjå lenke nedenfor

Kontakt NFI

Nils Klevjer Aas