Vegvesenet bygger ny Europaveg og Norden sin største paddebestand står i fare. To paddeentusiastar vil redde paddene gjennom paddesafari, paddetunellar, og ei 2,5 meter høg paddestatue. Men er lokalbefolkninga interessert i å bli kjent som paddebygda? Kor mykje er eit paddeliv verdt? Ein varm film om det å sjå det store i planetens minste vesen, om kunsten å leggje seg paddeflat.