|
|
20.11.2009
Olav H. Hauge. Den andre mannen
Dokumentarfilmen Olav H. Hauge. Den andre mannen gir eit levanda bilete av mannen og diktaren. Ein biografisk film og ei poetisk reise i livet til Olav H. Hauge. Publisert: 20.11.09 | Sist endret: 11.01.10
 | |
Olav H.Hauge levde det meste av livet som eplebonde i den vesle bygda Ulvik i Hardanger. Frå han var 16 år gammal,skreiv han dagbok og eigne dikt. Einsam og isolert fordjupar han seg i verdslitteraturen.
I lange periodar var han tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus, og slapp med eit nødskrik lobotomering. Men gjennom diktinga si vann han litt etter litt livet tilbake. 53 år gammal fekk han endeleg kunstnerisk gjennombrot.
På 60- og -70 talet vart han ein myte: Gartnaren, Poeten og Vismannen fra Hardanger. Og mot alle odds finn han den store kjærleiken og gifter seg nærmare 70 år gammal.
Olav H.Hauge er i dag omsett til nærmare 30 språk. Olav H. Hauge. Den andre mannen er både ein biografisk film og ei poetisk reise i Olav H.Hauge sitt univers.
"Grenseerfaringane, det at han var både på og over grensa i sitt eige liv kan vera noko av grunnen til at han kom så langt også i diktinga si". - Jon Fosse
Ekstramateriale: 100 min
Intervju med Jon Fosse, Einar Økland, Erling Lægreid, Robert Bly, Jens Haukås, Idar Stegane, Erica Weeda, Francois Monnet, Bodil Cappelen og Elisabeth Vallevik
Relaterte lenker: - Kjøp Olav H. Hauge. Den andre mannen
|