 |  |
|
|
07.12.2009
Havråtunet - no på DVD
Havråtunet er ein vakker skildring av slit og samhald på eit klyngjetun på Vestlandet. Filmen vart tatt opp i 1949-50 og visar liv i kvardag og fest slik det har vore levt i mange hundre år. Utgitt i samband med Kulturminneåret 2009. Publisert: 07.12.09 | Sist endret: 18.06.10
Det er ei forteljing om tungt slit frå morgon til kveld, heile året igjennom, om vanskar i strida for tilværet og om menneske som aldri sparar seg i arbeidet sitt.
Men samstundes er det ei skildring av ei kulturform som byggjer på eldgamle tradisjonar. Filmen er ei unik skildring av eit særeige norsk klyngjetun og blei oppteken i 1949-50. Dette er den korte versjonen frå 1956, med spesiallaga musikk av Harald Sæverud.
Den lange versjonen kan du sjå på filmarkivet.no
Relaterte lenker: - Kjøp Havråtunet på DVD - Havråtunet på filmarkivet.no - Berit og Johannes på DVD - et år på et småbruk i Hurdal
|
|
|