Kinosal Tancred

Utleige av kinosalar

Publisert: 20.05.2010 | Sist endret: 12.06.2015

Norsk filminstitutt har to flotte kinosalar til rådigheit for utleige. Salane kan leigast av firma, organisasjonar og privatpersonar.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Relatert

Relaterte artikler

Kinosalane er tilgjengelege for utleige:

  • Måndag 09.00 – 24.00
  • Tysdag – fredag 09.00 – 18.00 (onsdag til 20.45)
  • Laurdag 09.00 – 24.00
  • Søndag: 09.00 – 18.00

Salane er ustyrte med den aller beste teknikken på marknaden både for analog og digital filmframvising. Salane eigner seg også svært godt til seminar, kurs, møte og pressekonferansar.                                                                                     

Tancred

Den store kinosalen vår, Tancred, har 195 sitteplassar, med svært komfortable kinostolar frå Skeie og god beinplass mellom radene. Mellom første rad og lerretet er det god plass der vi kan setje opp talarstol, stoler og bord til paneldebatt eller anna utstyr etter behov. Det er tilkoplingspunkt for PC/ mac ved talarstolen, i tillegg til internettilkopling.

Lillebil

Den mindre kinosalen vår, Lillebil, har 68 sitteplassar. Teknisk er han like godt utstyrt som Tancred, men er meir intim og eignar seg godt for mindre forsamlingar.

Foyer

Vi har også ein rommeleg foyer utanfor inngangen til kinosalane i andre etasje. Dette området eignar seg svært godt til servering, mingling og liknande i samanheng med filmvisning og seminar i kinosalane.                                    

Filmkafeen

Filmkafeen tilbyr servering av mat og drikke til alle typer arrangement, og kan skreddarsy menyar etter ditt ønske. Filmkafeen har skjenkebevilling til kl. 03.00, og holdar gjerne opent utover kveldane for arrangement. Vi har alle rettigheter også i kinosalane.

Ver ute i god tid

Kinosalane har eit høgt belegg, så det lønner seg å vere ute i god tid med bestilling. Sjå margen til høgre for leigevilkår, prisliste og kontaktinformasjon for leige av kinosal.

Kontakt NFI