Publisert: 10.11.2010 | Sist endret: 13.10.2011
Norsk filminstitutt publiserer løpende oversikter over besøk og billettinntekt på norske filmer. Besøksdata leveres av Film & Kino. NFI supplerer, bearbeider og presenterer tallmaterialet.
Oversikt over besøk på norske filmer spesielt publiseres i utgangspunktet hver mandag/tirsdag, som et nedlastbart dokument nederst på denne siden
Filene som viser statistikken finner du under relaterte filer, nederst på siden.
Uke 40
To veker i eitt - og eit framifrå resultat for norske filmar. Til no har norske filmar samla 2,1 millionar tilskodarar på kino. Det utgjer ein maknadsandel på 23,4 prosent, eit nær-rekord-tal. Dermed er besøket til no i år nær opp mot det samla besøket i heile 2001 og 2006. Årets norske premierar står for vel 1,8 millionar besøl. Besøksvinnarane desse to vekene er (siste veke i parantes) Knerten i Knipe 130 300 (66 700), Kong Curling 77 900 (33 800) og Hodejegerne 59 200 (28 900). Dei tre Knerten-filmane er med dette til saman sett av over ein million nordmenn. Til samanlikning kan vi nemne at Flåklypa Grand Prix vart sett av 1,8 millionar menneske i første oppsettningsrunden (1975-78). Og Babycall opna til vel 18 000 besøk i 135 salar på premieren.
Uke 38
Ei ny, god veke for norsk film: 186 000 nordmenn på kino for å sjå norske filmar siste veka, og eit samla kinobesøk på norske filmar til no i år på nær 1,8 millionar. Og på topp på besøksstatistikken siste helga: Tre norske filmar - Knerten i knipe (76 600 første helg), Hodejegerne (42 618 full veke) og Kong Curling (40 354 første helg).
Uke 8
Ei jamt god veke for norsk film, etter at Jørgen + Anne = sant opna sterkt med 26.500 besøk første helga, og Gråtass for en ny venn vart sedd av nesten like mange – 26.200. Dei norske filmane held framleis eit godt grep om kinomarknaden, med ein marknadsdel på 27 prosent.
Uke 7
Med ei god åpningshelg på vel tjueto og eit halvt tusen besøk har Gråtass får en ny venn på nokre få hundre tilskodarar nær gjort Jeg reiser alene rangen stridig som best besøkte norske film siste veke. Nær 60.000 personar såg ein norsk film på kino frå den 14. til den 20. februar. Det gir ein norsk marknadsdel på 26,9 prosent, heile sju prosentpoeng høgare enn på same tid i fjor. Norske filmar ligg nær 20 prosent over fjoråret i besøk, som er på over 300.000 så langt i år.
Uke 5 og 6
To nye norske filmar hadde premiere siste veke. Jeg reiser alene opna med vel 18.500 besøk, medan Gunnar Goes God vart sett av vel 1.400. Jeg reiser alene vart dermed besøksvinnaren forrige uke, vel 4.000 besøk foran Kongen av Bastøy (14.126). Keeper’n til Liverpool har gjort Varg Veum – Svarte får rangen stridig om tredjeplassen på ukelist; båe har vel 4.500 besøk. Så langt i år har norske filmar eit besøk på opp mot 350.000 og ein marknadsdel på 27,5 prosent. Det er godt over resultata frå same tid i fjor – pluss 10 prosent i besøk, ca. sju prosentpoeng høgare marknadsdel.
Uke 4
Medan besøket på norske kinoar gjekk attende med over 20 prosent i januar, samanlikna med same månad i fjor, har dei norske filmane gått fram med nær 30 prosent, jamnført med fjoråret. Alt i alt har ein kvart million nordmenn sett norske filmar på kino i januar månad, ikring 45.000 sist veke.
Varg Veum var publikum sin favoritt i førre veka, med over 18.000 besøk, tett følgd av Kongen av Bastøy, med ikring 15.500 besøk. Utan samanlikning elles hadde både Tomme tønner 2 – Det brune gullet og Elias og jakten på havets gull eit publikum på 4.500, medan Trolljegeren framleis trakk over tusen menneske til kinosalane. Og no ventar vi spent på om det kjem ein Sundance-effekt for Sykt lykkelig, som så langt er sett av ikring 26.500 personar her heime.
Uke 2 og 3
Det norske filmåret har fått ein god start, i det minste om ein måler besøkstal. Til no i år er norske filmar sett av ikring 210.000 personar. Nær tre firedelar av dette besøket er rett nok på filmar som hadde premiere i 2010, men slik må det vere når ein byrjar på eit nytt år. Av filmane frå i fjor har Kongen av Bastøy framleis størst tyngd i tilstrøyminga, med vel 23.000 selde billettar siste veka. Av dei andre filmane frå 2010 kan nemnast at Elias og jakten på havets gull vart sett av ca. 6.300 menneske i veka som slutta på søndag 23. januar, medan Trolljegeren trakk ikring 1.500. Filmane frå i år går derimot noko ujamt. Varg Veum – Svarte får nådde 17.000 besøk i opningshelga, medan Tomme tønner 2 – Det brune gullet vart sett av noko over 10.000 i løpet av veke 4. Mørke sjeler nådde derimot berre knapt 500 besøk. Til saman 66.500 menneske såg ein norsk film frå 2011 på kino siste veka.
Merk at denne vekeoversikten omfattar to veker, 10.-16. (veke 2) og 17.-23. januar (veke 3).
Uke 1
2011 opna godt for dei norske kinofilmane. Meir enn 80.000 tilskodarar såg norske filmar på kino den første veka i det nye året. Best besøkt var Kongen av Bastøy, som med 45.000 besøk siste veke no er sett av 160.000 nordmenn sidan premièren midt i desember, medan nykommaren Tomme tønner 2 – Det brune gullet trakk vel 20.000 til kinoane. Dei resterande 15.000 besøka på norske filmar fordelar seg på ti av filmane frå i fjor, med Elias og jakten på havets gull og Trolljegeren som dei mest sette.
