Asfaltenglene

Barnefilmpris i Lübeck til Asfaltenglene

Publisert: 08.11.2010 | Sist endret: 08.11.2010

For tredje år på rad stakk Noreg med filmen Asfaltenglene av med prisen til barnejuryen under dei 52. Nordiske filmdagane i Lübeck. Julenatt i Blåfjell fekk hederleg omtale av same jury.

Asfaltenglene-regissør Lars Berg var sjølv til stades i Lübeck lørdag kveld for å ta imot prisen på 5000 Euro frå ministeren for barn og unge i delstaten Schleswig-Holstein.

Juryen uttalar at Asfaltenglene tydeleg viser korleis vener, solidaritet og kreativitet saman gjer at ein kan nå sjølv dei vanskelagaste mål. Hovudrolleinnehavarane Nini Bakke Kristiansen, Helene Nybråten og Emma Høgh Åslein får alle ros av juryen for sine skodespelarprestasjonar – særleg i actionscenane. Hovudbodskapen i filmen om at ein som born ikkje skal la seg prege for mykje av fordommar til dei vaksne fell i særskild god jord hos den unge, tyske juryen. Dei likte også svært godt Julenatt i Blåfjell og gav denne norske barnefilmen hederleg omtale. Her var det historia til filmen, musikken og ikkje minst mottoet om at den som ikkje er redd heller ikkje kan være modig som gjorde sterkt inntrykk på juryen.

Og i 2008 og 2009 har norske barnefilmar vunne prisen til barnejuryen i Lübeck. I 2008 var det SOS Svartskjær (regi Arne Lindtner Næss) som vann, og i 2009 var det ORPS (regi Atle Knudsen) som fekk prisen. 


 

 

 

Kontakt NFI

Stine  Oppegaard
  • Stine Oppegaard
  • Fagleder, spillefilm utland
  • Telefon: +47 22 47 45 75
  • Mobil: +47 908 59 638
  • E-post: stine.oppegaard@nfi.no
Jakob Berg
  • Jakob Berg
  • Informasjonsrådgiver (permisjon tom 30.06.2012)
  • Telefon: +47 22 47 45 91
  • Mobil: + 47 971 97 766
  • E-post: jakob.berg@nfi.no