Festivalarbeid

Publisert: 30.08.2011 | Sist endret: 02.10.2012

Norsk filminstitutts festivalarbeid har to hovudformål: bidra til å optimere festivallivet til den enkelte film og høve for sal, og sørgje for at Noreg har filmar med på dei viktigaste internasjonale festivalane.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Norsk filminstitutt har eit langvarig og godt samarbeid med dei viktigaste filmfestivalane rundt i verda og har heile tida mange norske filmar i festivaldistribusjon. Plassering av ein film på dei rette festivalar kan vere avgjerande for salet til ein film. Eit nært samarbeid mellom produsent, salsagent og filminstitutt er derfor viktig.

Talet på internasjonale filmfestivalar vakse frå år til år, og det er verken mogleg, eller ønskeleg, å delta med norske filmar på alle desse. Festivalar kan ha mange forskjellige formål: Nokre lokkar med store prisar, nokre har bra pressedekning, nokre er såkalla Oscar-kvalifiserande festivalar for kortfilm, nokre har godt besøk av nasjonale og internasjonale kjøparar, og andre igjen er ein kombinasjon av alle faktorar, eller kan berre skilte med at det er godt besøk av lokalpublikum. Og kva er eigentleg dei viktigaste festivalene?

FIAPF og dei såkalla A-filmfestivalane

Ein god peikepinn er å sjå på FIAPS liste over internasjonale festivalar. Den internasjonale produsentforeininga (FIAPF) starta for meir enn 30 år sidan med å utarbeide ei liste over festivalar. Lista består av nærmare 50 festivalar som betaler ei årleg avgift til FIAPF, og samtidig forpliktar seg til å følgje visse reglar, blant anna i forhold til antal visingar, visingsforhold, utstyr, forsikring, gjestelister osv. Ut frå denne lista har ein fått omgrepet ”A-festivalar”, som betyr at festivalen har ein internasjonal konkurranse og at filmen har minimum internasjonal premiere på filmfestivalen.

Svært få kortfilmfestivalar finst på FIAPFs liste over A-festivalar. Det internasjonale kortfilmnettverket International Short Film Conference (ISFC) har utarbeidd forpliktande reglar for kortfilmfestivalar tilsvarande reglene som FIAPF har. Det europeiske filmakademiets liste over festivalar som nominerer kortfilm til den europeiske kortfilmprisen, eller det amerikanske filmakademiets liste over såkalla Oscar-kvalifiserande festivalar, gir også ein peikepinn over kva festivalar som er viktige.

Dei viktigaste dokumentarfilmfestivalane finna stad i Amsterdam og i Toronto. Det europeiske dokumentarnettverket EDN (European Documentary Network) har gode lister over europeiske og internasjonale filmfestivalar.

Salsmarknadar

Dei største festivalane har også parallelle salasmarknadar der ein kjøper eigne marknadsvisingar (Cannes, Berlin, Amsterdam, Clermont-Ferrand) eller festivalen sett opp eigne presse- og industrivisingar (Toronto, Karlovy Vary). Mange festivalar har også eigne påsynsmoglegheiter for internasjonale innkjøparar, festivalprogrammerarar og presse (Montreal, Toronto, Moskva, Venezia, Karlovy Vary). Det finst også reine salsmarknadar utan tilknyting til filmfestivalr (American Film Market, MIPCOM/MIPTV).

Kva festivalar skal ein delta på?

Det finst ingen fasit for kva festivalar ein skal delta på. Festivaluttak avhenger blant anna av kvaliteten på filmen, sjanger, regissør og skodespelarar, lanseringstidspunkt og lanseringsplaner for øvrig.

Noko av det viktigaste er at ein veit kva for ein film ein foreslår til kva festivaler, og at ein har vurdert at filmane har ein reell moglegheit på dei festivalane ein foreslår dei på. Det nyttar for eksempel ikkje å foreslå ein rein barnefilm til hovudkonkurranse i Berlin, norsk komedie til Venezia eller filmen til ein etablert regissør til kritikarveka i Cannes.

Nokre festivalar kan kanskje umiddelbart ikkje verke så attraktive, men kan likevel vere toneangivande innanfor området sitt og sitje på store kontaktnett som kan skape stor merksemd for dei riktige filmane.

Kontakt NFI

  • Stine Helgeland
  • Avdelingsdirektør - Kommunikasjon, innsikt og internasjonale forhold
  • Telefon: +47 22 47 45 17
  • Mobil: +47 957 44 173
  • E-post: stine.helgeland@nfi.no
  • Stine Oppegaard
  • Fagleder, spillefilm utland
  • Telefon: +47 22 47 45 75
  • Mobil: +47 908 59 638
  • E-post: stine.oppegaard@nfi.no
  • Toril Simonsen
  • Fagleder, kort- og dokumentarfilm utland
  • Telefon: +47 22 47 45 74
  • Mobil: +47 900 38 086
  • E-post: toril.simonsen@nfi.no