The film collection contains 25 films spread over 8 feature films, 3 documentaries, 2 historical features and two collections of shorts, one of which is aimed at children. The films all represent Norwegian culture in different aspects.

Ambassadepakken 2012-2013

Publisert: 23.01.2012 | Sist endret: 23.11.2012

Ambassadepakken er ein samlepakke med nyare, norske filmar på dvd for bruk i utlandet. Filmane kan lånast ut til ikkje-kommersielle kulturarrangement via norske utanriksstasjonar.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Pakken er tenkt fornya annankvart år, dersom tilbodet blir mykje etterspurt. Tiltaket er støtta av Utanriksdepartementet.

Det er utarbeidd retningslinjer for bruk av filmane i pakken, sjå menyen til høgre. Me ber ambassaden og dei lokale samarbeidspartnarane om å setje seg grundig inn i desse før dvd-pakke bestillast og filmane visast.

Pakken inneheld totalt 25 filmar fordelt på åtte spelefilmar, tre dokumentarfilmar  og to arkivfilmar i tillegg til ei kortfilmsamling for vaksne og ei for barn.
Sjå liste over filmtitlar med kort synopsis ved å klikke på Filmer i pakken i menyen til høgre.

Filmane gir godt innblikk i norsk kultur og samfunnsliv.

Formål

Formålet er å styrke formidling av norsk film i utlandet, slik at norsk filmkunst og filmkultur får eit breiare nedslagsfelt og når eit publikum også utanfor dei prioriterte festivalane. 

Målgrupper

Målgrupper er publikum i utlandet som deltar på kulturarrangement i regi av eller i samarbeid med norske utanriksstasjonar, og der film er eit viktig element. Utdanningsinstitusjonar som underviser i nordiske språk kan også låne pakka til enkeltarrangement.

Format og språk

Filmane er tilgjengelege i både PAL og NTSC, og er teksta til følgjande språk: Engelsk, fransk, tysk, russisk, spansk, portugisisk.

Bestilling

Det er ambassaden som bestiller dvd-pakke frå NFI. Ved bestilling vil ambassaden få ein e-post med tilgang til ytterlegare informasjon om filmane og materiell for bruk i informasjonsmateriell for det aktuelle visingsarrangementet. Normalt vil vi anta at ein pakke er tilstrekkeleg for den enkelte ambassaden, men vi er opne for at nokon kan ha behov for to pakkar.

Hugs å lese retningslinjene før du bestiller pakken.

Bestill pakken

Kostnadar

Ambassadepakkane er gratis for utestasjonane og blir sende kostnadsfritt frå Oslo.

Kontaktinfo

  • Ved spørsmål om bruk av filmane lokalt, kontakt: Astri Blindheim, sjå høgre marg for detaljar
  • Ved andre spørsmål om tilbodet (så som evaluering og anna), kontakt Mia Lindrup på e-post