|
|
19.10.2004
En Kärlekshistoria
Den svenske regissøren Roy Anderson sin debutspillefilm frå 1970 er no på dvd, med restaurert lyd og bilete. Denne vakre filmen som skildrar den fyrste store kjærleiken, tåler absolutt eit gjensyn. Publisert: 19.10.04 | Sist endret: 19.10.04
[Tittel] skildrar kjærleiken mellom 15-årige Pär og 14-årige Annika. Sterke kjensler blir sett i sving for fyrste gong; stor lykke og glede, men også redsle og uvisse. Desse kjenslene blir konfrontert med krava frå den vaksne verda.
Dei vaksne i filmen har stivna i sine triste liv. Nokon kjempar framleis med å halde liv i sine gamle draumer, men dei fleiste har gitt opp.
Målet til Roy Anderson var å lage ein film som framstiller sanne augeblikk. Skodespelarana skulle opptre så sant som mogleg. Med dette meiner han at deira opptreden skulle vere ekte, samtidig som at dei skulle bli avslørt. I dette ligg mykje av komikken i filmen.
Filmen hadde premiere i 1970 og blei i tiden etter sett av over 700 000. Den har siden blitt vist på kinoar og festivaler over heile verda og var også ein stor internasjonal suksess og har fått mange priser.
Relaterte lenker: - Kjøp En Kärlekshistoria - Frys - svensk kultklassiker - Vår tids redsel for alvor
|