|
|
16.12.2005
Nytt ord: Klikkefilm
Ein konkurranse har gitt oss eit nytt norsk ord. Filmarkivet.no. er ikkje lenger ein video on demand-teneste, men ei klikkefilm-teneste. Publisert: 16.12.05 | Sist endret: 16.12.05
 | Filmarkivet.no - ei klikkefilm-teneste |
I løpet av konkurranseperioden kom det inn i alt 6500 forslag på ord, og det var 4 stykke som hadde foreslått vinnarordet: Klikkefilm
Kris Ullern fra Kløfta
Helge Lægreid fra Den Haag i Nederland
Harald Warholm fra Brønnøysund
Halvor Steigre fra Hammerfest
Og det var Steigre som blei trekt ut som vinnaren av hovudpremien: Ein tur for to til ein norsk filmfestival.
Juryen si grunngiving: Norsk avløysarord for VOD (video on demand)
I vurderinga har juryen lagt vekt på følgjande:
- ordet må vera kvikt og lett, helst kort
- ordet må ikkje vera for generelt, slik at det kan brukast om det meste av filmprodukt, eller for spesifikt, slik at det blir for smalt i forhold til dei forskjellige bruksmåtane
- ordet må få fram noko essensielt eller karakteristisk ved denne måten å sjå film på
Forslag som ’bestillingsvideo’ og ’digifilmbestilling’ blir for lange og tunge. ’Sofaleie’ og ’nettfilm’ er funksjonelle og korte, men innhaldet blir for generelt. ’Impulsvideo’ og ’hentefilm’ får ikkje godt nok fram det karakteristiske ved denne måten å leiga film på.
Juryen kom raskt fram til sju forslag som tok utgangspunkt i ’klikk’ eller ’klikke’ (altså eit ord for ’tastetrykk’ eller ’å taste/tasta’). Tre av dei foreslo ’klikkfilm’, fire foreslo ’klikkefilm’. Av estetiske og rytmiske grunnar valde juryen forslaget frå dei fire. (Ordet ’klikk’ kan forresten òg vera eit ord for ’gjeng’, og dette talde mot den kortaste varianten.)
Vinnarordet tilfredsstiller elegant alle juryens krav – det er kort og kvikt, det er passe spesifikt i sitt innhald, det får fram noko av det karakteristiske ved filmtypen (å bestilla ved å trykka på ein tast). Og ikkje minst: ordet har eit snev humor, samstundes som det har eit slåande lydleg ekko (bokstavrim) ved at li og il står mot kvarandre i dei to orda som blir sette saman – klikkefilm!
Konkurransen blei gjennomført som eit samarbeid mellom NRK, NorgesFilm as, Dagbladet, Språkrådet og Norsk filminstitutt.
Juryen var:
Juryens formann Sylfest Lomheim, Norsk språkråd
Folke Gravklev, NRK
Lars Erik Eide, Dagbladet.no
Tina Andersson, Norgesfilm AS
Ragnhild Paalsrud, Norsk filminstitutt
Relaterte lenker: - Filmarkivet.no - ei klikkefilm-teneste
|