Manus











Profesjonelle film- og TV-forfattarar kan få tilskot til utvikling og tilpassing av fiksjons- og dokumentarmanuskript for kinodistribusjon og til utvikling av manuskript til TV-drama eller TV-dokumentarar.

Det blir gitt tilskot til alle stadium i utviklingsprosessen, og det kan ytast tilskot til deltaking på kurs og verkstader innan manuskriptutvikling.

Krav til søkjaren og til innhald i søknaden finn du i forskriftene våre og i søknadsskjemaet. Den overliggjande forskrifta finn du her.

Norsk filminstitutt arbeider heile tida med å gjere støtteordninga mest mogleg fleksibel med utgangspunkt i manuskriptet og kva behov forfattarane har.

I tillegg til dialogen mellom forfattar og konsulent har vi ulike modellar for manuskriptutvikling:

• Dramalesingar - gjennomlesing av manuskriptet med dramaturg/konsulent og skodespelarar
• Prøveromsordning - utprøving av einskildscener med skodespelarar
• Workshop for presentasjon av manuskript
• Gruppearbeid (fleire forfattarar og/eller regissør, fotograf, scenograf og konsulent)
• Utprøving av nye idear og nye formspråk som kan vere med på å styrkje eigenarten til den einskilde

Det blir normalt ikkje gitt tilskot til manuskriptutvikling for prosjekt som allereie har motteke tilskot av Norsk filmfond. Søknad må skrivast på norsk.

Av omsyn til søknadsmengda er det normal praksis at det berre er høve til å søkje om manuskriptstøtte for same prosjekt to gonger.

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn, og behandlingstida er normalt frå fire til åtte veker.

Last ned søknadsskjema