Kinosal Tancred

Utleige av kinosalar

Publisert: 20.05.2010 | Sist endret: 14.06.2013

Norsk filminstitutt har to flotte kinosalar til rådigheit for utleige. Salane kan leigast av både firma, organisasjonar og privatpersonar.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Kinosalane er tilgjengelege for utleige:

  • Måndag og laurdag 09.00 – 24.00
  • Tysdag, onsdag, torsdag, fredag og søndag: 09.00 – 18.00.

Salane er ustyrte med den aller beste teknikken på marknaden både for analog og digital filmframvisning. I tillegg eignar salane seg svært godt til seminar, kurs, møte og pressekonferansar.

Tancred

Den store kinosalen vår, Tancred, har 195 sitteplassar, med svært komfortable kinostolar frå Skeie og god beinplass mellom radene. Mellom første rad og lerretet er det god plass til å setje opp talarstol, bord til paneldebatt eller anna utstyr etter behov. Det er tilkoblingspunkt for lyd og bilde, i tillegg til internett ved talarstolen. Mikrofonar er kopla til eit separat taleanlegg.

Lillebil

Den mindre kinosalen vår, Lillebil, har 68 sitteplassar. Teknisk er han like godt ustyrt som Tancred, men er meir intim og eignar seg for mindre forsamlingar.

Foyer

Vi har også ein rommeleg foyer utanfor inngangen til kinosalane i andre etasje. Dette området eignar seg svært godt til arrangement i forbindelse med filmvisning, konferanse eller møte. Ta kontakt for ein synfaring og muligheiter til bruk av dette området.

Bens Café

I første etasje ligg Bens Café, der alle typar servering kan arrangerast. Ønskjer du kaffe og muffins i forkant av eit morgonmøte, baguettar i en lunsjpause, eller kanskje ein fristande middelhavsbuffet? Kontakt Ben i kafeen på tlf. 22 47 45 09 / 926 50 567 for prisar og muligheiter.

Ver ute i god tid

Kinosalane har eit høgt belegg, så det lønner seg å vere ute i god tid med bestilling. Sjå kontaktinformasjon i margen til høgre for leige av kinosal.

Kontakt NFI