Om Norsk filminstitutt

Publisert: 09.04.2010 | Sist endret: 03.01.2014

Norsk filminstitutt (NFI) ligg under Kulturdepartementet og er forvaltningsorgan for staten på filmområdet og rådgjevar i filmpolitiske spørsmål. Gjennom forskrifter og mandat har NFI ansvaret for å setje filmpolitikken til regjerninga ut i livet. NFI blir leidd av eit styre og direktør Sindre Guldvog.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

NFI gjev tilskot til norske filmar, samproduksjon av film med andre land, tv-seriar og dataspel og tilbyr stipend, kurs og talentutvikling for filmbransjen. Filminstituttet representerer og informerer om norsk film nasjonalt og internasjonalt. Gjennom www.nfi.no, Filmmuseet og utstillingar på Filmens Hus sørgjer NFI for å sikre og formidle kunnskap og forståing for den norske filmarven. Instituttet har òg eit ansvar for å leggje til rette og marknadsføre Noreg som ein attraktivt opptaksstad for utanlandske produsentar.

NFI held til i Filmens Hus i Dronningens gate 16 i Oslo, som er ein samlingsstad for filmbransje, publikum og filmforvaltning. Instituttet har i dag om lag 100 tilsette og består av Utviklings- og produksjonsavdelinga, Lanseringsavdelinga, Informasjonsavdelinga, Administrasjonsavdelinga og Publikumsavdelinga. Til den siste avdelinga høyrer òg Cinemateket til. NFI disponerer dei to kinosalane Tancred og Lillebil.

NFI representerer Noreg i Europarådets fond for samproduksjon av film, Eurimages, og i Det europeiske audiovisuelle observatoriet, eit forskingsinstitutt under Europarådet. Saman med Nasjonalbiblioteket held NFI norsk medlemskap i den internasjonale organisasjonen for filmarkiv, FIAF. NFI deltek vidare i ei rekkje andre internasjonale samarbeidsorgan på filmfeltet, mellom anna International Council for Educational Media, European Film Academy og Scandinavian Films.

Direktør

Sindre Guldvog