Informasjonsavdelinga i Norsk filminstitutt

Publisert: 04.05.2010 | Sist endret: 19.03.2013

Informasjonsavdelinga i Norsk filminstitutt (NFI) har det overordna ansvaret for NFIs interne og eksterne informasjons- og marknadsarbeid. Til dette arbeidet ligg òg eit ansvar for statistikk og analyse. Avdelinga består av informasjonsrådgjevarar, marknadsførarar og rådgjevarar med ansvar for rapportering, statistikk og analyse.

Tips sendt!

* = Påkrevd felt

Informasjonsavdelinga

Informasjonsavdelinga i NFI  har det overordna ansvaret for NFIs interne og eksterne informasjons- og marknadsarbeid. Til dette arbeidet ligg òg eit ansvar for statistikk og analyse. Avdelinga består av informasjonsrådgjevarar, marknadsførarar og rådgjevarar med ansvar for rapportering, statistikk og analyse.

Presse

Informasjonsavdelinga formidlar informasjon om tildelinger, premierar, besøkstal, festivalar og prisar i form av pressemeldinger og nyheitsbrev til norsk og internasjonal presse. Avdelinga er òg ansvarleg for pressekonferansar og andre arrangement som presenterer norske filmar og norsk filmbransje.

Nettsider

Informasjonsavdelinga er ansvarleg for alt innhald på nfi.no. På nfi.no får ein informasjon om og tilgang til alle verksemdsområda under NFI. På desse sidene kan ein orientere seg om norske filmar og premierar, programmet på Cinemateket og kva for nokre utstillingar og aktivitetar som skjer i regi av barnefilmklubben Lillebil. I nettbutikken får ein informasjon og høve til å kjøpe norske utgjevingar utgjevne av NFI.

Arrangement og seminar

Gjennom året arrangerer NFI fleire seminar og tilstellingar i eigen regi eller i samarbeid med andre.

Ansvaret for fleire av dei ligg i informasjonsavdelinga. Dei mest profilerte er Den andres ansikt og Liv Ullmann-symposiet.

Statistikk

NFI har eit særleg ansvar for å utarbeide statistikk, analysar og rapportar om utviklinga innan ulike genrar av norsk film. Besøksstatistikk, kvartalsrapportar og årsrapportar blir publiserte under Norsk film-fana. Sjå ovanfor.

Design

Informasjonsavdelinga har ansvaret for å designe katalogar, plakatar, flyerar og anna brosjyremateriell som blir nytta av NFI til å informere om norske filmar både i Noreg og i utlandet. I tillegg kjem ansvaret for å designe NFIs dvd-utgjevingar og bøker og utarbeide seks utgåver i året av Cinematekkatalogen.

Marknadsføring

Til informasjonsavdelinga høyrer òg ansvaret for annonsering og koordinering av NFIs ønske om å vere synleg i ulike kanalar.