Norsk filminstitutt

Ønsker du å jobbe sammen med oss i Norsk filminstitutt? På denne siden finner du alle våre utlyste stillinger.

pexels-photo-265152.jpg

Du kan også se og søke på alle våre ledige stillinger på Jobbnorge. Vi gjør oppmerksom på at vi dessverre ikke behandler åpne søknader.

Seniorrådgivar dataspelkultur

Tid for spill – dataspelstrategien til regjeringa 2024-2026 inneheld eit tiltak om at regjeringa vil opprette eit nasjonalt kompetansesenter for dataspelkultur under Norsk filminstitutt (NFI), i samarbeid med Kulturtanken og Medietilsynet. Mandatet på kompetansesenteret skal vere å samle, styrkje og dele kunnskap om kompetanse om dataspel og dataspelkultur, først og fremst dataspel som kulturuttrykk, fritidsaktivitet og e-sport.

I samband med opprettinga av kompetansesenteret skal NFI tilsetje ein seniorrådgivar som skal arbeide med området dataspelkultur.

Søknadsfrist: 21. mai 2024

Les mer og søk på stillingen her

 

Produksjonsfagleg rådgivar

Som produksjonsrådgivar skal du ha ansvar for saksbehandling innanfor tilskotsordningar knytt til produksjon av fiksjons-, dokumentarfilm og dramaseriar. Dette inkluderer vurdering av filmrelatert avtaleverk, utnytting av rettar, finansieringsstrategiar og produksjonsteknisk gjennomføring. I tilknyting til arbeidet er det òg viktig med innsikt i internasjonal utvikling, produksjon og finansiering.

Stillinga er 100 % fast og er organisatorisk plassert i seksjon for produksjonsfagleg rådgiving i avdeling for produksjon og internasjonale relasjonar.

Søknadsfrist: 22. mai 2024

Les mer og søk på stillingen her