Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt har gitt produksjonstilskot etter konsulentvurdering til kortfilmane Ras, Hysj og Farse. I tillegg får dokumentarfilmen The Trial of Ratko Mladic tilskot til samproduksjon, og dokumentaren Kung Fu Nonnene fekk midlar til utvikling. 

Skisse frå RAS, Simone Hooymans. Aldeles AS.jpg

Foto: Skisse frå RAS, Simone Hooymans. Aldeles AS

Om kortfilmane: 

- Nivået i denne runden var både jamt og høgt. Då må ein gå for det som på ein eller annan måte stikk seg ut. Farse, Ras og Hysj er alle svært markante og distinkte prosjekt innan kvar si uttrykksform. Dette blir filmar som kjem til å etterlate eit avtrykk hos tilskodaren, seier Filmkonsulent for spillefilm og dramaserier Ståle Stein Berg om søknadsrunden som var ein såkalla second opinion for produksjonstilskot til kortfilm.  

Ras

Aldeles AS og regissør Simone Hooymans er tildelt 600.000 kroner i produksjonstilskot til kortfilmen Ras, som er ein eksperimentell animasjon der Hooymans utforskar dei transformerande kreftene i både ytre og indre katastrofar.

Hysj

Viper Film AS og regissør og manusforfattar Nini D. Kjeldner er tildelt 350.000 kroner i produksjonstilskot til kortfilmen Hysj, som skildrar opplevinga av ei kvinnes bortgang og det å lære å leve livet.

Farse

Mikrofilm AS og regissør og manusforfattar Robin Jensen er tildelt 250.000 kroner i produksjonstilskot til kortfilmen Farse, som er ein grotesk og rølpete animasjonsfilm om maktmisbruk, kvinneforakt, dekadanse og dobbeltmoral. Men også ei vindskeiv kjærleikshistorie. 

Om dokumentarfilmane: 

The Trial of Ratko Mladic

Sant & Usant AS og regissørane og manusforfattarane Henry Singer og Rob Miller er tildelt 300.000 kroner i samproduksjonstilskot til dokumentaren The Trial of Ratko Mladic, der vi med en unik tilgang til advokater, vitner og familie følger den fem år lange rettssaka mot den bosnisk serbiske generalen Ratko Mladic, tiltalt i Haag for medverknad til det største folkemordet på europeisk jord sidan andre verdsskrig.  

Utviklingstilskot:

Produksjonsselskapet Stray Dog Productions og regissør og manusforfattar Line Hatland er tildelt 370.000 kroner i utvikling av dokumentarfilmen Kung Fu Nonnene. Produsent er KriStine Ann Skaret.