Norsk filminstitutt

NFI har tildelt totalt 2,5 millionar kroner til manusutvikling av spelefilm og dramaseriar. 

Engelen_Engelen_Maria_Bonnevie
Margreth Olins spelefilmdebut Engelen (2009) var også utvikla gjennom NFIs manusordning.

- På lista finner vi både svært erfarne navn som Bent Hamer og Margreth Olin, men også fleire nye, spennande stemmer, noko som er viktig for å sikre ei breidde i historier og forteljarstemmer. Målet med tilskotsordninga er å sikre norsk film tilgang til originale, relevante og engasjerande historier, med solid forankring i skaparleddet. Tilskotet frå NFI skal leggje til rette for at manusforfattarane sjølv kan styre eigne prosjekt, og involvere dei ressursar dei treng i arbeidet med manus. Vi lar oss imponere over at søkjarane verkeleg har svart på utfordringa med å knyte til seg kompetanse i prosjekta sine, og på den måten styrka heilheita rundt prosjektet – ikkje berre det innhaldsmessige. Det skal bli interessant å sjå om dette har effekt på ferda vidare for prosjekta som får tilskot, seier seksjonsleiar Ståle Stein Berg i NFI.

Desse får tilskot:

I denne runden får ti regissørar og filmskapare 250.000 kroner kvar til utvikling av manus:

  • Bent Hamer, Hun som elsket han som måket så pent (spelefilm)
  • Margreth Olin, Øya synker (spelefilm)
  • Pål Sletaune, Kode 6 (dramaserie)
  • Mari Storstein, Hemma (spelefilm)
  • Ole Christian Solbakken, Josefine har forsvunnet (spelefilm)
  • Stefan Faldbakken, SLAV (spelefilm)
  • Assad Siddique, Hussain og Hansen (dramaserie)
  • Sara Eva Johnsen, Vi, Det, Dem, og Oss – en fortelling om nøkkelpersonell (dramaserie)
  • Torun Lian, Go get yourself a life (spelefilm)
  • Duane Hopkins, Hytta (spelefilm)

Om ordninga

Manusutviklingsordninga skal bidra til kontinuitet og profesjonalitet i utviklingsarbeidet, og sikre eit breitt og mangfaldig repertoargrunnlag for alle målgrupper. Det gis tilskot i to faser, fase 1 idé skal bidra til å utvikle fortellingas grunnpilarar, historie, karakterar, setting og tematikk, mens fase 2 skal bidra til å framstille manus til revidert første utkast.
Les meir her.

I forbindelse med endring av forskrift har NFI gjort enkelte endringar i manusordninga. Mens vi tidlegare hadde eigne manuskonsulentar samlar vi no manusutvikling, kortfilmordninga, talentordninga og kunstnarisk vurdering i ei ny, samkøyrd og meir fleksibel konsulentordning. Dette for å styrke fokus på utvikling og høgne kvaliteten på filmane som prioriterast til produksjon. Det betyr at dei fire fiksjonskonsulentane alle behandlar søknader om manusutvikling til spelefilm og seriar, mens dei to dokumentarkonsulentane behandlar søknader til manusutvikling/idéutvikling dokumentar. Les meir.

Neste søknadsfrist for manusutvikling (fiksjon) er 25. mai. Manusutvikling for dokumentarfilm har løpende søknadsfrist.
 

  • Gro Rognmo
    • Gro Rognmo

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 918 29 667
    • E-post: gro.rognmo[@]nfi.no
  • Ståle Stein Berg
    • Ståle Stein Berg

    • Seksjonsleder
    • Kunstnerisk vurdering
    • Telefon: +47 472 54 395
    • E-post: stale.stein.berg[@]nfi.no