Norsk filminstitutt

I årets søknadsrunde for UDs reisestøtte til internasjonale ekspertar og presse fekk Norsk filminstitutt inn åtte søknadar med eit totalt søknadsbeløp på 1.770.000 kroner. Disponible middel i 2023 var 1,2 millionar kroner.   

foto. fire personar sitt rundt eit rundt bord med navneskilt, ein mann til venstre og tre kvinner i sofa til høgre
Frå Fredrikstad Animation Festival 2023. Foto: Fredrikstad Animation Festival

NFI gir etter avtale med Utanriksdepartementet tilskot til reiser for internasjonale ekspertar og presse som blir invitert til norske festivalar og kulturelle arrangement. Denne tilskotsordninga er retta mot arrangørar av festivalar og kulturelle arrangement med fokus på norsk film, seriar og spel. Reisestøtta skal styrkje posisjonen til norsk film, seriar og spel internasjonalt, i tråd med målet til regjeringa om å styrkje dei internasjonale moglegheitene til norsk kulturliv, og målet om ein 50 prosent auke av norsk eksport.

Tilskotsordninga skal bidra til å auke:

  • Investering i og sal av norsk film, seriar og spel internasjonalt.

  • Bransjekunnskap, marknadskompetanse og internasjonale nettverk i den norske film-, serie- og spelbransjen. 

  • Merksemd om norsk film, seriar og spel i internasjonale medium.

  • Samarbeid og utveksling mellom norske og internasjonale aktørar

I ordninga blir det mellom anna prioritert prosjekt som har brei representasjon frå bransjen og/eller som på sikt vil bidra til å styrkje profesjonalisering, internasjonalisering og kompetanseheving av norsk film- serie- og spelbransje. Programmet må og innehalde eit internasjonalt relevant utval av norske filmer, seriar og/eller spel. Festivalar med eit eige program for internasjonale bransjedeltakarar som går parallelt med dei andre programma til festivalen blir prioritert. Det internasjonale programmet må vere profesjonelt lagt opp og vere spesielt retta mot utanlandske delegatar (festivalprogrammerarar, distributørar, filmjournalister og andre bransjefolk) som på sikt kan bidra til å fremje norsk film, seriar og/eller spel.

Her er mottakarane: 

  • Fiction Norway 2024, Stiftelsen Tromsø Internasjonale Filmfestival: 150.000 
  • Internasjonale eksperter TIFF 2024, Stiftelsen Tromsø Internasjonale Filmfestival: 76.000  
  • Kortfilmfestivalen 2023, Kortfilmfestivalen: 229.000  
  • Mirage Professionals 2023, Mirage Docfest AS: 100.000  
  • New Nordic Films 2023, Den Norske Filmfestivalen AS: 460.000  
  • Reisestøtte eksperter Fredrikstad Animation Festival 2023, Norsk Animasjonsforum: 95.000  
  • Internasjonale eksperter og journalister Bergen Internasjonale Filmfestival AS: 40.000.  
  • Nordic Shorts Expo 2024, Minimalen Kortfilmfestival: 50.000   

Les meir om Norwegian Arts Abroad (NAA) 
Støtteordningar for internasjonalt kunst- og kultursamarbeid på www.stikk.no

MFA_Standardlogo_NYNORSK.png

  • Hanne Merethe Okstad
    • Hanne Merethe Okstad

    • Rådgiver lansering utland
    • Telefon: +47 917 26 414
    • E-post: hanne.merethe.okstad[@]nfi.no
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no