Norsk filminstitutt

Audun Rodem er tilsett som seniorrådgivar for dataspelkultur ved Norsk filminstitutt.

foto. portrettbilde av mann med svart skjorte og kort grålig hår
Ny seniorrådgivar for dataspelkultur Audun Rodem. Foto: Privat

 

Audun Rodem har 12 års erfaring som journalist frå spelmedium og har dei siste åtte åra vore redaksjonssjef for nettstaden gamer.no. Gamer.no er ein del av Good Game AS, som også driv Noregs største e-sportliga med over 900 lag som omfattar både elite og breidde. 

Gjennom regjeringas spelstrategi Tid for spill, har Norsk filminstitutt (NFI) fått mandat om å samle, styrkje og dele kunnskap og kompetanse om dataspel og dataspelkultur, først og fremst dataspel som kulturuttrykk, fritidsaktivitet og e-sport. Stillinga som seniorrådgivar for dataspelkultur er ei nyoppretta stilling i NFI og blir ein viktig ressurs i dette arbeidet.

– Dataspelkultur er eit stort og vidt felt som treffer utruleg mange ulike nordmenn på ulike måtar. Feltet har ein viktig plass i den kulturelle kvardagen til folk i dag, men er også i stadig utvikling og endring. Når eg no tek fatt på jobben som seniorrådgivar for dataspelkultur ved NFI, vil eg sørgje for å ha fokus på heile breidda av dette kulturuttrykket, og stille som ein ressurs på alle desse områda, seier Audun Rodem.

– Audun Rodem har gjennom arbeidet sitt i gamer.no opparbeidd seg ei unik oversikt over kva som skjer innan dataspelfeltet både nasjonalt og internasjonalt. Han har stor kunnskap om den norske bransjen og om e-sportfeltet, og vi gleder oss til å få ein så solid ressurs inn i arbeidet med dataspelkultur. Vi ønskjer Audun velkommen til oss og ser fram til å jobbe saman på eit nytt og spennande felt for NFI, seier Kaja Hench Dyrlie, seksjonsleiar spel i NFI.

– Eg gleder meg til å bli endå betre kjent med dei mangfaldige aktørane som jobbar med dataspelkultur. Eg ser fram til å høyre og lære meir frå alle som brenn og jobbar for ein god dataspelkultur, seier Audun Rodem.

Audun Rodem er utdanna i Kunstkritikk og kulturformidling ved NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet) og har også ein Bachelor i musikkvitskap ved same universitet.

Rodem tiltrer 1. oktober og vil inngå i NFIs seksjon for spel og MEDIA Desk. 

Les meir om Tid for spill: Regjeringens dataspillstrategi 2024-2026

 

  • Kaja Hench Dyrlie
    • Kaja Hench Dyrlie

    • Seksjonsleder
    • Spill
    • Telefon: +47 951 46 912
    • E-post: kaja.hench.dyrlie[@]nfi.no
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no