Norsk filminstitutt

Hysj er ei skildring av ein persons bortgang. Eit par, to kvinner, er på ferie, men den eine er meir opptatt av jobb enn samvær. Samtidig som ho blir konfrontert med dette av kjærasten sin, får ho slag, som endar med at ho døyr. Vi følger den døyande kvinnas subjektive oppleving av heile forløpet, med hallusinasjonar og realisme i glidande overgangar. Det er morbid og brutalt, samtidig estetisert på ein nennsam og medlevande måte som gjer det heile til ei svært særeigen cinematisk oppleving. Enkelt og ambisiøst på same tid.

Regissør og manusforfatter

Nini D. Kjeldner jobba som arkitekt i New York då ho bestemde seg for å følge kallet og bli regissør i staden. Tre år etter endt regi-utdanning har ho vunne sin første manuskonkurranse, mottatt stipend frå Kulturrådet til utvikling av spillefilm, vunne Signaturpitchen på Kortfilmkonventet samt regissert Romerike Musikkteaterskoles teateroppsetting av Annie. Ho var også ein av ni utvalde europeiske regissørar i talentprogrammet The Film Garage, i 2016.

Om prosjektet

Produsent
Synne Seltveit
Produksjonsselskap
Viper Film AS
Regissør
Nini D. Kjeldner
Manusforfatter
Nini D. Kjeldner

Tildelinger

Fase:
Produksjon
Dato:
09.01.2018
Tilskudd gitt:
350.000 kroner
Totalbudsjett:
507.440 kroner
Konsulentvurdering:
Ei enkel historie om komplekse kjensler er noko av det vanskelegaste å få til. Det ligg ein ambisjon om dette i Hysj, i tillegg til at prosjektet er prega av ein markant forteljarglød og ei entusiastisk søking etter eit eige cinematisk uttrykk. Skildringa av død frå ein førstepersons-ståstad er ikkje dagleg kost; her er det gjort på ein måte som seier ein del om livet samtidig. Nini D. Kjeldner markerer seg med dette som ei ny og særeigen stemme som er med på å gjere norsk film rikare.
Konsulent:
Ståle Stein Berg