Norsk filminstitutt

Ras er ein eksperimentell animasjonsfilm der kunstnaren Simone Hooymans vil utforske endringskrafta i ei krise. Eit massivt ras trugar med å knuse alt på sin veg, men ut av kaos og øydelegging veks kimen til ei ny byrjing. Noko ukjend, men håpefullt. Dette er ein film som vil kommunisere nonverbalt, og som søkjer å kommentere det Hooymans oppfattar som krisa vi befinnn oss i globalt for tida, med miljøkriser og politisk uro som viktige fokuspunkt. Gjennom å antyde ei indre emosjonell reise, samanstilt av åtte tablå som krinsar rundt urbane former, natur og menneske, som altså ender opp i eit ras av syns- og lyd-inntrykk, er målet å stimulere vår assosiasjons og meddiktingskraft til å stille nokre grunnleggjande, eksistensielle spørsmål.

Ras føyer seg in i ei rekkje særeigne og suggererande animasjonsfilmar som Hooymans etter kvart har gjort til sitt kunstnarlege kjennemerke. Både motivbruk og animasjonsteknikk sameinar motstridande storleikar; urbane bygningar og natur, handteikning og 3-d animasjon, analogt og digitalt. Resultatet er eigenarta og suggestivt.

Regissør og manusforfatter

Simone Hooymans bur og arbeider i det internasjonale AiR Kunstnarhuset Messen i Ålvik. Ho er utdanna ved Kunstakademiet for biletkust i Arnhem og Breda i Nederland. Ho arbeider i hovudsak med animasjonar og tegninger. Hooymans tematiserer på ulike måtar menneskets forhold til naturen – korleis vi både mytologiserar han, tærer på han og samtidig lev under en konstant trussel frå han. Hooymans har deltatt ved ei rekkje internasjonale gruppeutstillingar og filmfestivalar. 

Om prosjektet

Produsent
Turid Rogne
Produksjonsselskap
Aldeles AS
Regissør
Simone Hooymans
Manusforfatter
Simone Hooymans

Tildelinger

Fase:
Produksjon
Dato:
09.01.2018
Tilskudd gitt:
600.000 kroner
Totalbudsjett:
1.105.749 kroner
Konsulentvurdering:
Det er få prosjekt eg opplever som så distinkt og eigenarta som dette, der sameininga av motstridande element både i form, teknikk og innhald er så berande. Og vellukka. Ras føyer seg inn i ei rekkje særeigne filmar frå Hooymans hand, som har ei suggestiv kraft i seg, og som gjer at sjølv om dette er verk som i stor grad er mynta på gallerivisning, vil opplevast nesten enno sterkare i ein kinosal. At ambisjonsnivået no er heva ytterlegare, med meir bevisst bruk av musikk og lyd som narrativt element, borgar for ein film som i enno støre grad vil gripe og røre oss både på skjerm og lerret. Eg trur Ras blir ein film som vil leve opp til alle tittelens assosiasjonar og konnotasjonar – i positiv forstand.
Konsulent:
Ståle Stein Berg