Norsk filminstitutt

Det uendelege teppet er ein eksperimentell animasjonsfilm om bier og virus, verdas moglege kollaps og transformasjon, der alt er bunde saman av trådar i ein bildevev som gjentek seg sjølv. Trass i menneskets ønskje om å gjere godt, rører vi oss stadig mot vår eigen undergang. 

Om regissør, manusforfattar og produsent

Simone Hooymans bur og arbeider i det internasjonale AiR Kunstnarhuset Messen i Ålvik. Ho er utdanna ved Kunstakademiet for biletkust i Arnhem og Breda i Nederland. Ho arbeider i hovudsak med animasjonar og teikningar. Hooymans tematiserer på ulike måtar menneskets forhold til naturen – korleis vi både mytologiserer han, tærer på han og samtidig lever under ein konstant trussel frå han. Hooymans har delteke ved ei rekkje internasjonale gruppeutstillingar og filmfestivalar.  
Ho har laga fleire særeigne animasjonsfilmar, blant prisvinnande «Ras» frå 2019, som også fekk tilskot frå NFI. Hooymans filmar har vore vist på festivalar over heile verda, og ho har hatt kunstutstillingar i inn- og utland. 

Turid Rogne er ein erfaren produsent, og jobba også med Hooymans på filmen «Ras». Rogne har jobba med norsk film i meir enn 20 år, og produsert ei lang rekke kortfilmar og dokumentarar. Selskapet Aldeles held til i Bergen.

Om prosjektet

Sjanger
Kortfilm
Produsent
Turid Rogne
Produksjonsselskap
Aldeles AS
Regissør
Simone Hooymans
Manusforfatter
Simone Hooymans

Tildelinger

Ordning:
Produksjon av kortfilm etter konsulentordning
Fase:
Produksjon
Dato:
30.03.2022
Tilskudd gitt:
500.000 kroner
Totalbudsjett:
1.358.725 kroner
Konsulentvurdering:
Det uendelige teppet er en animasjonsfilm som bruker en elegant visuell metafor for å si noe om hvem vi er som mennesker. De mørke og lyse sidene av vår historie går hånd i hånd med en alvorstung, men visuell vakker poetisk skildring.
Konsulent:
Rodrigo Stoicheff