Return of a View er ei forteljing om ei teikning, røyndom – og en stad å sjå verda frå. I 1997 sto den unge kunstnaren Torild Stray i atelieret sitt i nordtårnet til World Trade Center i New York, og byrja arbeidet med eit kolstiftpanorama av usikta over Manhattan frå 85. etasje. Denne svart-kvite teikninga, ”New York Metamorphosis”, skulle etterkvart bli nesten fem meter brei, og ende opp som det kanskje mest profilerte bilete i kunstnarens karriere. 

No skal bilete tilbake der det vart skapt den gongen på 90-tallet. Men bygget der atelieret var er borte, og med det utsikta derifrå. No skal det henge på veggen i museet som er kome der i staden, rett ved fotspora til tvillingtårna i World Trade Center. Men kvifor skjer eigentleg denne tilbakekomsten til Ground Zero – og kva betyr den?

Regissør og manusforfatter

Eivind Tolås har regissert ei lang rekke filmar og musikkvideoar – blant anna for Kaizers Orchestra, der han vann Spellemannsprisen i 2012 for bandets siste musikkvideo, Begravelsespolka. Tolås har også hatt manus og regi på fleire dokumentarar og tv-program for NRK og TV 2. NRK-serien Døden – ein serie om livet ble distribuert til meir enn 15 land. Tolås er utdanna fra Universitet i Bergen, og har ein master i screenwriting og multimedia, samt studier i TV-produksjon, medievitenskap, litteratur og historie.

Om prosjektet

Produsent
Johnny Holmvåg
Produksjonsselskap
Mediedel AS
Regissør
Eivind Tolås
Manusforfatter
Eivind Tolås

Tildelinger

Ordning:
Utvikling og produksjon av dokumentarfilm etter konsulentvurdering
Fase:
Utvikling
Dato:
01.03.2017
Tilskudd gitt:
50.000 kroner
Ordning:
Utvikling og produksjon av dokumentarfilm etter konsulentvurdering
Fase:
Produksjon
Dato:
02.02.2018
Tilskudd gitt:
420.000 kroner
Totalbudsjett:
805.315 kroner
Konsulentvurdering:
Prosjektet er ei lita perle av ein film om eit kunstverk kunstverk av byen New York sett frå World Trade Centre - som i dag ugjenkalleleg er fortid. Fortellinga konsentrerar seg om korleis verket blir til, dets betydning og metabetydning, fortalt av kunstner, kurator, konservator og arkiv. Det er ei original og autentisk forteljing med ein fin kompleksitet.
Konsulent:
Helle Hansen
Ordning:
Utvikling og produksjon av dokumentarfilm etter konsulentvurdering
Fase:
Produksjon
Dato:
03.04.2019
Tilskudd gitt:
140.000 kroner
Konsulent:
Helle Hansen