På same måte som mange har eit minne frå då Brå brakk staven, har dei fleste av oss eit personleg sinnbilde på 29. juli 1981; dagen då Diana Spencer gifta seg med Prins Charles og over 750 millionar menneske hadde TV-en påskrudd midt på dagen for å bivåne hendinga i St. Pauls katedral i London . I denne forteljinga sto det eit bryllaup til den dagen, ved Glommas utløp, nærare bestemt Sarpsborg. Då gifta Liv og Terje seg i eit selskapslokale tilhøyrande Borregaard Industrier, der dei begge jobba. Det er derfor ikkje tilfeldig at dottera vart heitande Diana, og at det er ho som tar oss med inn i denne tilbakeblikksforteljinga om eit turbulent ekteskap der kjærleiken ustanseleg har vore tøyd og testa, men har overlevd. Når Diana no sjølv skal gifte seg, er ho oppriktig i tvil om det er noko ho bør ta sjansen på.

Dianas bryllup er ein film som går tett på menneska den portretterer. Som Charlotte Blom formulerer det i reginotatet: «noen har det bra når det er mange mennesker i rommet og dårlig når man er bare to. Mens andre ikkje alltid fungerer med familie og venner, men har det best i tosomheten. Og noen klarer alt og noen klarer ingenting. Diana har vokst opp med to som klarer seg best når de lukker døra – når det bare er de to». I Dianas bryllup skal alle dei lukka dørene opnast. Det blir både varmt, vittig og vanvittig. Og nokså rørande.

Regissør og manusforfattere

Regissør og manusforfatter Charlotte Blom debuterte i januar 2015 med spillefilmen Staying alive, som hun også skrev manus til. I 2016 var hun medforfatter på to episoder og regisserte tre episoder av tv-serien Neste sommer. I 2017 har hun vært med på å utvikle en sitcom hos underholdningsavdelingen i NRK. 

Manusforfatter Mette M. Bølstad har vært med å skrive flere filmer og TV-serier, bl.a. Den siste revejakta (2008), Kongen av Bastøy (2010), Halvbroren (NRK 2013) og var hovedforfatter på TV-serien Nobel. Hennes siste prosjekt Lykkeland kommer på NRK høsten 2018.

Om prosjektet

Produsent
Synnøve Hørsdal
Produksjonsselskap
Maipo Film AS
Regissør
Charlotte Blom
Manusforfatter
Charlotte Blom, Mette M. Bølstad

Tildelinger

Ordning:
Utvikling og produksjon av spillefilm etter konsulentvurdering
Fase:
Utvikling
Dato:
28.08.2015
Tilskudd gitt:
161.700 kroner
Ordning:
Utvikling og produksjon av spillefilm etter konsulentvurdering
Fase:
Utvikling
Dato:
19.01.2016
Tilskudd gitt:
171.500 kroner
Ordning:
Utvikling og produksjon av spillefilm etter konsulentvurdering
Fase:
Utvikling
Dato:
13.09.2016
Tilskudd gitt:
98.225 kroner
Ordning:
Utvikling og produksjon av spillefilm etter konsulentvurdering
Fase:
Produksjon
Dato:
18.01.2018
Tilskudd gitt:
10.446.775 kroner
Totalbudsjett:
21.400.000 kroner
Konsulentvurdering:
Charlotte Blom markerte seg som ein filmforteljar med vidd og eigenart med den prisløna, hysterisk morosame kortfilmen Kokos (2006). Deretter viste den bittersøte kortfilmen Kjære Lisa Bloms gode handelag med melankoli og alvor. I spillefilmdebuten Staying Alive blir balansen mellom vidd og alvor vidareforedla. I manuset til Dianas bryllup er ambisjonsnivået heva ytterlegare både dramatisk og cinematisk, samstundes som blikket for både det vonde og det vittige er ivaretatt. Dermed framstår Dianas bryllup som eit særs engasjerande og sterkt prosjekt frå ein filmforteljar med distinkt eigenart og raus formidlingsevne. Dette er ei forteljing som først og fremst tar for seg – og ikkje minst forsvarar – Kjærleiken, med stor K. I tillegg er det eit portrett av ein handfull særeigne karakterar, som saman dannar eit presist, og i norsk samanheng etterlengta, klasseportrett. Gitt at forteljinga strekkjer seg over tre tiår, får vi også med oss eit blikk på den store endringa arbeidarklassen har gjennomgått sidan starten på åttitalet. I sum blir dette ei rik og mangfaldig forteljing som med vidd og varme maktar å treffe både breitt og presist.
Konsulent:
Ståle Stein Berg