Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt har tildelt til saman 52.690.000 kroner i produksjonstilskot til fire nye spelefilmar, i vedtaksmøte denne veka. Tre av tildelingane går til barne- og ungdomsfilmar. 

illustrasjon. tegning av fantasilandskap der en tannfe står under en lilla selvlysende sopp med en tann i hånda
Konsepttegning til filmen Tannfeen. Illustrasjon: Qvisten Animasjon

Filmane har fått produksjonstilskot etter kunstnarisk vurdering. Ein av filmane har fått produksjonstilskot gjennom talentordninga Neo.

Desse fire spelefilmane har fått produksjonstilskot:

  • Vampyr. Maipo Film AS. Regi: Arild Fröhlich. 17.500.000 kroner 
  • Klasseturen. Maipo Film AS. Regi: Fanny Ovesen. 14.500.000 kroner
  • Tannfeen. Qvisten Animation AS. Regi: Lise Myhre og Rasmus A. Sivertsen. 13.500.000 kroner.
  • Grevlingene. 73 Eyes Film Production AS. Regi: Paul Magnus Lundø. 7.190.000 kroner

– I denne runden er det tre sterke filmprosjekt for barn og unge. Vi er glade for å se at det kommer spanande og originalskrivne kinofilmar for denne målgruppa, seier Terez Hollo-Klausen, avdelingsdirektør for kunstnarisk vurdering, utvikling og publikum på Norsk filminstitutt (NFI). 

Dei fire tildelingane utløyser til saman 26.440.000 millionar kroner i etterhandstilskot. 

illustrasjon. fargevariant av Munchs vampyr-motiv der mannlig ansikt bøyer seg over bakhode med langt rødt  hår over påskriften Vampyr med håndskrevne røde bokstaver
Illustrasjonsplakat for filmen Vampyr. Ill.: Maipo Film
Arild Frohlich portrett.JPG
Filmskapar Arild Fröhlich. Foto: Maipo Film

Vampyr 

17.500.000 kroner i produksjonstilskot.

Produksjonsselskap: Maipo Film AS. Produsentar: Cornelia Boysen og Petter Onstad Løkke. Regi: Arild Fröhlich. Manus: Aleksander Kirkwood Brown og Jørgen Færøy Flasnes. Totalbudsjett: 50.000.000 kroner.

Synopsis: Munch-eksperten Steffen har fått den store oppgåva med å kuratere ei Munch-utstilling, då eit mystisk dødsfall ved Munch-museet set han på sporet av eit farleg mysterium. Steffen grev djupare og avslører ei mørk hemmelegheit i målarens dystre familiehistorie. Filmen er ei kontrafaktisk røvarhistorie som tek utgangspunkt i Steffen Kvernelands roman Vampyr.

Regissør Arild Fröhlich har 20 års erfaring som spelefilmregissør, etter langfilmdebuten med Pitbullterje (2005). Fröhlich har regissert spelefilmar som Fatso (2008), Norske byggeklosser (2018) og to filmatiseringar av Jo Nesbøs populære Doktor Proktor-bøker (2014-15). Han har utvikla og regissert humorserien Helt perfekt med Thomas Giertsen gjennom 11 sesongar, og hadde regi på dramaserien RIP Henry (Viaplay, 2023). 

I Maipo har produsent Cornelia Boysen stått bak fleire storfilmar, som Solan og Ludvig-trilogien (2013-2018), Sonja (2018), Flukten over grensen (2020) og dei to Doktor Proktor-filmane. Petter Onstad Løkke har produsert dramaserien Dates In Real Life (2024), som nyleg vann pris for beste serie på Series Mania i Frankrike, og har tidlegare m.a produsert spelefilmen Thomas mot Thomas (2022). 

Frå konsulentens vurdering: «Her blir det både spenning og humor. Prosjektet maktar å både overraske og inspirere. Settingen er eit Oslo av i dag, men også eit animert Oslo frå ei svunnen tid. Edvard Munch sitt maleriske virke står fram som ein sentral del av plottet som vert utpensla. Moglegheitene her er rikhaldige. Vår mest berømte målar vert tematisert på ein måte som kan pirre ikkje berre eit norsk publikum, men også eit internasjonalt. Det heile formeleg osar av forteljaroverskot. Og prosjektet har ein eigenart kor filmkunstens konvensjonar og formspråk kjem i spel på ein original måte» – konsulent Tom Gulbrandsen.

Filmen er tidlegare tildelt 808.000 kroner i utviklingstilskot frå NFI. 

foto. smilende kvinne i helfigur fotografert i halvmørke i en gate med gatelys i bakgrunnen
Filmskapar Fanny Ovesen. Foto: Maipo Film

Klasseturen 

14.500.000 kroner i produksjonstilskot.

Produksjonsselskap: Maipo Film AS. Produsentar: Lotte Sandbu og Christian Fredrik Martin. Regi: Fanny Ovesen. Manus: Andreas Markusson og Eva Dahr i samarbeid med Fanny Ovesen. Totalbudsjett: 37.200.000 kroner

Synopsis: Når ein ungdomsskule legg ut på klassetur til Polen, er intensjonen at elevane skal koma tett på ein av dei største tragediane i historia. Men for tenåringane er dette først og fremst ein sjanse til å komme vekk frå masete foreldre og kjedelege pliktar, kjøpe billeg sprit og endeleg få seg sitt første ligg. Eller er det eigentleg så enkelt?

Fanny Ovesen er svensk filmskapar utdanna frå Den norske filmskolen og arbeider som regissør i begge landa. Ho har hatt regi på dramaseriane Nach (Discovery, 2020) og Allt som blir kvar (SVT, 2022) og jobbar for tida med sin første langfilm Laura (arbeidstittel), ein svensk-norsk-dansk samproduksjon. Klasseturen er hennar første norske spelefilm.

Lotte Sandbu var produsent på Fanny Ovesens eksamensfilm frå Den norske filmskolen, She-Pack (2019), som vann Amanda for beste kortfilm og er vist på festivalar verda over. Ho har mellom anna produsert dramaserien Etter lørdag (2021) for Maipo/TV2. Christian Fredrik Martin er produsent i Maipo, og tidlegare Friland, med over 20 års erfaring frå spelefilm, m.a Hodejegerne (2011), Mordene i Kongo (2018)  og dansefilmane Battle (2018) / Battle Freestyle (2022).   

Frå konsulentens vurdering: «Det er altfor få norske filmar som vert laga for eit ungdomspublikum, og det er for få filmar frå sterke, kvinnelege, progressive filmskaparar som når fram til produksjonsmidlane. I Klasseturen viser både regissør Fanny Ovesen og produsent Lotte Sandbu engasjement for å lage ein god, kompleks, emosjonell, utfordrande og underhaldande film for eit ungt publikum. Med solid backing frå erfarne Christian Fredrik Martin har teamet levert ein særs sterk søknad, og det er synlege, høge filmkunstnariske ambisjonar for filmen. Klasseturen er eit kjempefint prosjekt frå talentfulle og dyktige aktørar med stor forteljarkraft og gjennomføringsevne» – konsulent Cecilie Aspenes. 

Filmen er tidlegare tildelt 1.300.000 kroner i utviklingstilskot frå NFI. 

foto. kompositt av to svart hvitt ansiktsportrett med mann til venstre og kvinne med langt hår til høyre
Rasmus A. Sivertsen og Lise Myhre skal regissere animasjonsfilmen Tannfeen. Foto: Qvisten Animasjon

Tannfeen 

13.500.000 kroner i produksjonstilskot.

Animasjon. Produksjonsselskap: Qvisten Animation AS. Produsentar: Cecilie Tidemann og Ove Heiborg. Regi: Lise Myhre og Rasmus A. Sivertsen. Manus: Lise Myhre. Totalbudsjett: 70.166.000 kroner

Synopsis: I samarbeid med Qvisten Animasjon vil teikneserieskapar Lise Myhre lage ein ny eventyrfilm for heile familien. Tannfea bor i eit hemmeleg rike saman med tallause andre magiske skapningar som kvar natt jobbar i menneskeverda. Når ho stel magi i håp om å trylle livet sitt betre, blir ho tvinga ut på eit farleg eventyr. Filmen er ei helsing til alle som har kjent på å være annleis og ikkje alltid passe inn. Den er full av tryllestøv, håp og magi.

Med Nemi har Lise Myhre skapt ein av Norges mest populære teikneseriar og ein internasjonal suksess. Tannfeen er Lise Myhres første animasjonsprosjekt. Ho skal regissere saman med Rasmus A. Sivertsen, medeigar av Qvisten Animasjon, og ein av dei mest erfarne og suksessfulle animasjonsregissørane i Noreg. Sivertsen har regissert 12 animerte langfilmar inkludert Jul i Flåklypa (2013), Folk og røvere i Kardemomme by (2022) og Helt super (2022).    

Produsent Cecilie Tidemann har bakgrunn frå produksjon av reklame, langfilm og dramaseriar. Dei siste åra har jo jobba med dramaseriar i Feelgood Film og Monday Scripted, og produserte Blodsbrødre for TV2 før ho kom til Qvisten Animation i 2023. Ove Heiborg er ein av grunnleggarane i Qvisten Animation, og har jobba med Rasmus Sivertsen på ei rad store animasjonsfilmar, m.a Dyrene i Hakkebakkeskogen (2016), Kaptein Sabeltann og den magiske diamant (2019) og Folk og røvere i Kardemomme by (2022).

Frå konsulentens vurdering: «Ei finfin historie om å vere annleis, om det å ikkje passe inn, og det å dekke over kjensla av einsemd med ei tøff-i-trynet-haldning. Filmen er originalskriven av Nemi-skapar Lise Myhre, og vil visuelt også bli kapsla inn i hennar signatursterke strek og tone. Filmen har eit både hjartevarmt, spennande og rørande manus, og søker å ta det unge publikummet sitt på alvor ved å også utforske det mørke og uventa. Tannfeen vil bli Myhres spelefilmdebut, og gjennom det ønskes eit påviseleg og manifestert talent velkomen i nytt format» – konsulent Cecilie Aspenes. 

Filmen er tidlegare tildelt 650.000 kroner i utviklingstilskot frå NFI.

Les meir om produksjonstilskot til spelefilm etter konsulentvurdering

foto. portrett av mann med skjegg og caps i halvfigur foran hvitt gammelt hus
Filmskapar Paul Magnus Lundø. Foto: 73 Eyes Film Production

Grevlingene 

7.190.000 kroner i produksjonstilskot gjennom Neo-ordninga.

Produksjonsselskap: 73 Eyes Film Production AS. Produsent: David L. Leader. Regi og manus: Paul Magnus Lundø. Totalbudsjett: 19.595.500 kroner

Synopsis: Foreldrelause Bernt på 10 år drøymer om å bli speidar, som sin far. For å få oppfylt den romantiske speidardraumen må han kjempe mot ei radikalisert fostermor. Grevlingene er ein feel good-film om barndom, identitet, og kva det vil seie å ha integritet.  

Regissør og manusforfattar Paul Magnus Lundø har tidlegare regissert spelefilmane Mengaloth (2005) og Skumringslandet (2014). Han har jobba som scenograf og rekvisitør for teater og film. Grevlingene er en eventyrleg dramakomedie inspirert av Lundøs oppvekst i Hauge i Dalane, og skal spelast inn lokalt i Eigersund og Hauge i Dalane. Det blir den første spelefilmen til selskapet 73 Eyes Film Production i Ågård, ved produsent David L. Leader. Leader har jobba med film- og tv-produksjon i 25 år og samarbeida om produksjonar på fem kontinent, inkludert suksesseriane Vikingane (Netflix/NRK) og Hjem til jul (Netflix).

Frå konsulentens vurdering: 

«Dette blir den første barnefilmen frå Neo-ordninga. Ein historie full av forteljarglede og varme, med høg underhaldningsverdi og potensial til å nå eit breitt publikum. Det er òg ein film som brukar humor og satiriske grep til å ta opp aktuelle tema som utanforskap og kulturkrig, noko som òg vil appellere til vaksne. Det er ein rampete og nesten politisk ukorrekt film, men det er det som er så forfriskande. Barnefilmar kan vere veldig konservative og trygge, det er ikkje tilfellet her, og sånn sett er dette eit prosjekt med høg kunstnarisk risiko, og ganske originalt» - konsulent Rodrigo Stoicheff. 

Filmen er tidlegare tildelt 310.000 kroner i utviklingstilskot gjennom Neo-ordninga.

 

Om Neo-ordninga

Talentordninga Neo vart oppretta i 2021 og gir tilskot til utvikling og produksjon for regissørar og serieskaparar som vil debutere i det lange formatet med lågbudsjettprosjekt. For å få produksjonstilskot i Neo, må prosjekta ha motteke utviklingstilskot i Neo.

Målet med Neo er å la nye talentar utfolde seg som tydelege kunstnarlege røyster og bidra til fornying og mangfald i norsk film og tv-drama. Målgruppa for ordninga er talenter som jobbar på eit profesjonelt nivå. Neo-ordninga omfattar både spillefilm, dramaseriar og dokumentar.

Les meir om Neo-tilskot

  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no