Norsk filminstitutt

Filmparken på Jar har i dag blitt ein del av «Treasures of European Film Culture»

Kollasj med bilder fra parker og broer og båter
Dei nye stadane som er blitt ein del av «Treasures of European Film Culture»

Som ein del av ein ny årleg tradisjon kunngjer Den europeiske filmakademiet årets nye «Treasures of European Film Culture» eller på norsk «Skattar av europeisk filmkultur».

Med desse skattane feirar akademiet stader med symbolsk tyding for europeisk kino, stader av historisk verdi som må haldast ved like og beskyttast ikkje berre no, men for komande generasjonar.

Blant dei åtte nye stadene er det større område som Sarajevos Baščaršija-distrikt, Scheibler-lofta ved Księży Młyn i Łódź (Polen) og den pittoreske hamna i Corricella på den italienske øya Procida. Akademiet legg også til spesifikke bygningar som det vakre Palatsi-kinoen i Tampere (Finland), Koningshaven-brua i Rotterdam og det sveitsiske dampskipet Schiller, eitt av skipa som kryssar Luzernsjøen. Til slutt er det også to historiske filmstudio som blir med på lista: Gamla Filmstaden i Sverige og Filmparken på Jar i Noreg. Filmparken på Jar vart etablert i 1934 og er stadig i full drift.

– Vi er glade for å heidre åtte fleire minneverdige stader som skattar av europeisk filmkultur som folk kan vitje. Det er særleg kjekt at vi kan leggje til nokre land som tidlegare mangla på skattekartet: Bosnia-Hercegovina, Nederland, Noreg og Sveits, seier Pascal Edelmann, leiar for europeisk filmarv ved Den europeiske filmakademiet.

– Atter ein gong vil vi invitere alle til å føreslå stader som Den europeiske filmakademiet kan vurdere som skattar av europeisk filmkultur, seier Edelmann. 

Skattane av europeisk filmkultur er ein del av Den europeiske filmakademiet, EFA, sine utvida filmarv-aktivitetar, som starta i 2022. Den nye avdelinga for europeisk filmarv har sidan då starta eit nettverk av nasjonale filmakademiar, kinotek og filmarkiv dedikert til støtte og promotering av klassikarar frå vårt kontinent.

Om filmparken på Jar skriv dei: 

NORWAY
Filmparken in Jar

Filmparken på Jar, established in 1934, is a historical jewel in the Norwegian film industry. With over 90 years in operation, it has witnessed countless film productions, among them Tancred Ibsen’s TWO LIVING AND ONE DEAD (1937), THE MISSING SAUSAGE MAKER (1941) by Toralf Sandø, Arne Skouen's STREET URCHINS and Edith Carlmar’s debut DEATH IS A CARESS (both 1949), Henning Carlsen's HUNGER (1966), and Erik Gustavson’s BLACKOUT (1989).

Les meir om Treasures of European Film Culture
 

  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg[@]nfi.no