Norsk filminstitutt

Sundance-vinnarane Ukjent landskap og Ibelin er blant dei norske dokumentarfilmane som er valde ut til årets CPH:DOX i København. Det fullstendige programmet for festivalen vart offentleggjord onsdag.

foto. gutt sitter på et tak av trestokker med bar overkropp og armene i været
Fra Ukjent landskap. Foto: Maria Gros Vatne

Til saman ni norske dokumentarfilmar er med i programmet på årets CPH:DOX (13.-23.mars). Fem norske dokumentarfilmar er med i programseksjonane utanfor konkurranse, i det fullstendige programmet som vart lagt fram onsdag.

CPH: DOX i København er ein av Europas leiande festivalar for dokumentarfilm. Dei siste åra har norsk dokumentarfilm markert seg sterkt på CPH:DOX, med fleire filmar i konkurranseprogramma og i andre programseksjonar.

I Highlight-seksjonen for festival- og publikumsfavorittar frå verda over er tre norske filmar valde ut til CPH:DOX 2024:

  • Ukjent landskap (Silje Evensmo Jacobsen, 2024)
  • Ibelin (Benjamin Ree, 2024)
  • Ola – en helt vanlig uvanlig fyr (Ragnhild Nøst Bergem, 2023)

Les også: Storeslem i Sundance

foto. kvinne i halvfigur står i halvmørk eng og ser ut til høyre av bildekanten
Fra Mammaen i meg. Foto: Haugtussa Film
  • Mammaen i meg (Hilde Merete Haug, 2023) blir vist i seksjonen CPH: Science, for filmar om vitenskap, teknologi og samfunn.  
  • Hiding Saddam Hussein (Halkawt Mustafa, 2023) blir vist i seksjonen Backstory, der tema er «nåtida forklart gjennom fortida». 

Filmar i konkurranse 

Tidligere er det annonsert at fire norske dokumentarfilmar får premiere i konkurranseprogramma på CPH:DOX:

foto. to menn sitter i grønne busker foran et fjell og studerer et kart
Fra Phantoms of the Sierra Madre. Foto: UpNorth Film
  • Phantoms of the Sierra Madre (Håvard Bustnes, 2024) er invitert til den internasjonale hovudkonkurransen Dox: Award. Filmen deltek også i konkurransen om prisen for beste nordiske dokumentar, Nordic: Dox Award.
  • Mina og røverne (Kari Anne Moe, 2024) konkurrerer om prisen for beste nordiske dokumentar.
  • The Recovery Channel (Ellen Ugelstad, 2023) konkurrerer om den nyoppretta prisen Human: Rights Award.
  • Lie To Me (Bår Tyrmi, 2024) er tatt ut i konkurranseprogrammet F:act Award, for undersøkande journalistisk dokumentarfilm i langformat.

Her er oversikt over alle norske visningar på CPH:DOX 2024

– Sterkt år for norsk dokumentar

– Det er svært gledeleg at vi igjen har eit sterkt år for norsk dokumentar på ein så viktig festival som CPH:DOX, seier Elisabeth Aalmo, lanseringskonsulent utland ved Norsk filminstitutt (NFI).

– Filmane som er tatt ut representerer godt den breidda og kvaliteten som finst i norsk dokumentarfilm. Det er sterke historier og viktige tema som blir belyste, og vi er glade for at desse filmane no kan sjåast av publikum i København, seier Aalmo.

Samproduksjonar 

I konkurranseprogrammet Next:Wave deltek den mosambikansk-norske samproduksjonen The Nights Still Smell of Gunpowder (Inadelso Cossa, 2024), der Stær AS/Elisa Fernanda Pirir er norsk samprodusent. Filmen har fått produksjonstilskot gjennom Sørfond, og blir vist på filmfestivalen i Berlin denne veka.

Den palestinsk-israelske No Other Land (Rachel Szor, Yuval Abraham, Basel Adra og Hamdan Bilal, 2024), der norske Antipode Films/Bård Kjøge Rønning og Fabian Greenberg er samprodusent, blir vist på CHP:DOX i seksjonen Urgent Matters. Filmen har fått samproduksjonstilskot fra NFI, og er også tatt ut til filmfestivalen i Berlin

Den samiske dokumentarfilmen Máhccan / Homecoming (Suvi West og Anssi Kömi, 2023) blir vist i seksjonen Backstory. Det er ein finsk-norsk samproduksjon der Ten Thousand Images/Johanna Dorothea Raita er norsk medprodusent. Filmen har fått samproduksjonstilskot fra NFI. 

Norsk i CPH:Forum 

CPH:FORUM og CPH:WIP er finansierings- og co-produksjons- event som finn stad på CPH:DOX. Her blir utvalde prosjekt presentert for eit publikum av finansiørar, tv-kanalar, plattformer og andre avgjerdstakarar. To norske dokumentarprosjekt deltek her: 

  • Towards The Abyss. Regi: Mads Brügger, produsent Indie Film/ Carsten Annonsen, Stig Andersen og Silje Viki.
  • North South Man Woman. Regi: Morten Traavik og Sun Kim, produsent Studio Kozlovski/Verona Meier.

 

Den norske filmskaparen Marlene Lyngstad har verdenspremiere på sin nye fiksjonskortfilm Finale, i CPH:DOX' samleprogram for kunstnerisk dansk kortfilm.  Lyngstad er utdanna ved Den Danske Filmskole.

Ein norsk animert fiksjonskortfilm er også med på programmet til årets CHP:DOX. Hjemmekontor (Endre Lund Eriksen og Daniel Damm, 2022) blir vist saman med den danske dokumentaren Dengang Danmark lukkede ned (2020), i programseksjonen Børne:Dox. 

 

  • Elisabeth Aalmo
    • Elisabeth Aalmo

    • Lanseringskonsulent utland
    • Telefon: +47 932 66 554
    • E-post: elisabeth.aalmo[@]nfi.no
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no