Nytt stort dokumentarprosjekt om mystisk kvaldød. Bandliv og privatliv med Witch Club Satan. Personleg forteljing om ein morfar i livet. Kortdokumentar om eit døgn på turisthytte: Norsk filminstitutt har tildelt 5 520 000 kroner i produksjonstilskot til dokumentarfilmar.
Dette er dei fire dokumentarfilmane som har fått produksjonstilskot frå Norsk filminstitutt (NFI) i vedtaksmøte denne veka.
– Desse fire prosjekta synar breidda i norsk dokumentar, frå det personlege og poetiske til det observerande og storslått cinematiske. Norsk dokumentarfilm står sterkt også internasjonalt, og med desse tildelingane bidrar Norsk filminstitutt til den gode utviklinga i norsk dokumentar. Gjennom debutantordninga Neo styrker vi tilveksten også på dokumentarfeltet, seier Kjersti Mo, direktør i NFI.
Det største tilskotet i denne runden går til The Whale Mystery, produsert av Von Mørner AS i Stavanger, saman med danske Wingman Media. Von Mørner AS ved Bjarte Mørner Tveit var samprodusent for dokumentarserien Den Sorte Svane (2024) og CPH:DOX-aktuelle Take The Money and Run (2025), og har produsert mellom anna dokumentarfilmane Muldvarpen (2020), Griseindustriens hemmeligheter (2019) og Pels (2014).
Tonje Hessen Schei regisserte sist Praying For Armageddon (2023) som hadde verdspremiere på CHP:DOX 2023, og har tidlegare regissert dei prisbelønte kinodokumentarane iHuman (2019) og Drone (2015). Hessen Schei er eksekutiv produsent på Stoltenberg-Facing War (2025), som hadde verdspremiere på CPH:DOX denne veka, og deltek i hovudkonkurransen.
Hex og Min morfar og jeg har fått tilskot gjennom debutantordninga Neo. The Whale Mystery og kortdokumentaren Inn i naturen har fått tilskot i ordninga produksjon av dokumentarfilm etter kunstnarisk vurdering.
The Whale Mystery følger en gruppe vitenskapsfolk og teknologer som setter ut for å løse mysteriet om hvorfor tusenvis av hvaler massestrander hvert år. Ved hjelp av kunstig intelligens forsøker de å dekode kommunikasjon mellom arter, som kan forandre vår forståelse av naturen for alltid.
I hjertet av Norges mektige black metal-scene oppstår plutselig en ny kraft. Det har vært farlig stille altfor lenge. Tre unge kvinner har inngått en treårig pakt der de skal vie livene sine til å vekke verden, hverandre og seg selv som hekser. Uansett hvordan dette ender, kommer de definitivt til å lage et helvetes bråk og starte å skrike. En dokumentar om bandet Witch Club Satan.
Jakob er klar for voksenlivet, men sliter med fortrengte minner fra da han ble tvangsplassert i fosterhjem som 12-åring. Da er det kun ett sted å søke hjelp, hos Morfar. Jakob oppdager at han ikke er den eneste som er påvirket av hans traumatiske barndom. Filmen handler om tilgivelse og det å ta eierskap til eget liv for å finne sin rolle som mann, sønn, bror, kjæreste, og en gang i framtiden far.
Ei poetisk forteljing der handlinga i filmen er lagt til den ubetjente DNT-hytta Hellevassbu midt i den vinterkledde fjellheimen. Her kjem det påsketuristar i hopetal, frå både aust og vest, i alle aldrar og med ulike føresetnadar og bakgrunnar. I løpet av eitt døgn er det som dei alle er på ein felles hyttetur, der ein ikkje kjenner dei andre.
Norsk filminstitutts debutantordning Neo vart oppretta i 2021 for filmskaparar med manifestert talent som vil debutere i langt format. Ordninga omfattar tilskot til ideutvikling, utvikling og produksjon, for spelefilm, dramaseriar og dokumentar.
Aktuelle filmar som er produserte med tilskot gjennom Neo-ordninga inkluderer:
Spelefilmen Onkel Jens av Brwa Vahabpour hadde verdspremiere på festivalen SXSW sist veke, og var åpningsfilm på Kosmorama Trondheim Internasjonale Filmfestival denne veka. Halfdan Ullmann Tøndels spelefilm Armand var Noregs Oscar-kandidat 2024 og var på kortlista til Oscar for beste internasjonale spelefilm. Lilja Ingolfsdottirs spelefilm Elskling vart ein av dei mest sette norske kinofilmane i 2024, og vart nyleg tildelt Filmkritikerprisen 2025 for beste film og beste skodespelar.