Foto: Rolands Boss Photography
Norsk filminstitutt sender no på høyring forslag til endringar i tilskotsordningane for kinotiltak. Dei fire eksisterande ordningane innanfor kinotiltak blir foreslått erstatta med to nye ordningar. Høyringsfrist er 29. januar.
Norsk filminstitutt har gjennomgått tilskotsordningane for kinotiltak med føremål:
Forslaga er utarbeida etter dialog med bransjeaktørar og bransjeorganisasjonar, og med bakgrunn i erfaringar frå NFIs forvaltning av eksisterande ordningar.
Denne høyringa foreslår å erstatte desse fire ordningane med to nye ordningar:
Tilskot til utviklingsprosjekt og kompetanseheving
Ordninga skal møte bransjen sitt behov for større prosjekt og samarbeid for å styrke kinoen sin posisjon hos publikum og skape gode kinovanar hos barn og unge.
Tilskot til arrangement og aktivitetar på kino
Ordninga tek utgangspunkt i behova for tiltak som kan styrke kinoopplevinga, gjere kinoen til ein møteplass, og bidra til samarbeid om programmering.
– Etter ein god prosess med bransjen foreslår vi nå to nye ordningar som bidreg til regjeringa og bransjen sitt felles mål om å auke kjennskapen til publikum, og hjelper kinoaktørane til å skape gode møter mellom film og publikum over heile landet, seier Julie Ova, avdelingsdirektør formidling og samfunn i Norsk filminstitutt.
Høyringsfrist er 29. januar 2026.
Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.
Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.