Fasade på Cinemateket og Norsk filminstitutt. Foto: Helge Brekke
Norsk filminstitutt har vedtatt å justere fondsbudsjettet for 2024. Midlar som var sett av i strategisk pott er brukt til å styrke fleire budsjettpostar.
Som kommunisert i februar legg Norsk filminstitutt (NFI) opp til fleksibilitet i budsjettet, mellom anna gjennom avsetting i ei strategisk pott, som vil gjere instituttet betre i stand til å møte behova som blir observert gjennom året. Dette gjer det mogleg å sette inn midlar der dei vil gjere mest nytte for seg, utan å måtte vente eit heilt år på neste moglegheit for naudsynte tiltak.
– Bruken av strategisk pott gir rom for en meir open, dynamisk og transparent fondsbudsjettprosess. Slik sikrar NFI ein meir presis styring av fondet mot politiske og strategiske mål. Det kjem vi til å trenge i tida framover med dyrtid og stramme budsjett, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.
Kjersti Mo, direktør Norsk filminstitutt. Foto: NFI
I februar vart den strategiske potten sett til 10 millionar kroner. Dette beløpet vil variere gjennom året, og aukar dersom det blir frigjort midlar frå budsjettposten for etterhandstilskot (EHT). I lys av filmane som har premiere i 2024 og inntektene til filmane som har hatt premiere dei siste to åra er det mogleg for NFI å gjere ei meir presis berekning av budsjettposten for etterhandstilskot. Dette inneber at midlar kan bli flytta frå EHT til andre formål.
Prioriteringane i det justerte fondsbudsjettet bygger på politiske føringar, strategien til NFI, trendar i søknadsbunken hittil i år, innspel frå bransjeorganisasjonane og eigne analysar. På bakgrunn av dette totalbildet har NFI gjort prioriteringar og fordelt midlane i tråd med dette.
For budsjettåret 2024 gjer NFI følgande justeringar:
Takka vere handlingsrommet NFI har gjennom dynamisk budsjettering vil dessa midlane nå gjere nytte for seg der behovet er størst. Midlane vil bli tildelt gjennom eksisterande ordningar slik at de kan bli satt raskt i arbeid.
Desse aukane er ekstraordinære for budsjettet for 2024. Alt tyder på at NFI må forholda seg til stramme budsjett i åra framover. NFI vil fortsette arbeidet med innspelsrundar med bransjen, innsikt og analyse for å sikre at midla NFI forvaltar blir brukt der dei gir mest nytte.