Kultur- og likestillingsdepartementet inviterer til dialogmøte og ønsker innspel frå bransjen om AgoraEU, programmet som vil erstatte Kreativt Europa frå 2028. Møtet finn stad 26. mai, påmeldingsfrist 18. mai.
For aktørar innan film-, TV- og dataspelbransjen vil vidare deltaking i MEDIA-programmet vere viktig. Regjeringa skal vurdere om Noreg skal delta i AgoraEU og i kva grad. Kultur- og likestillingsdepartementet inviterer difor til dialogmøte og innspel frå relevante sektorar.
Dialogmøte finn stad 26. mai, innspelsrunde har frist 9. juni. Les meir om innspelsrunda og meld deg på møtet seinast 18. mai via nettsidene til MEDIA-desk Noreg: Dialogmøte og innspillsrunde om AgoraEU - Kreativt Europa MEDIA.
Kreativt Europa er EUs program for dei kulturelle og kreative sektorane. Programmet er tredelt og har eit budsjett på 2,4 milliardar euro i perioden 2021-2027. Norsk filminstitutt administrerer delprogrammet MEDIA for film, tv og dataspel.
MEDIA gjev norske aktørar innan dei audiovisuelle bransjane moglegheiter til å finansiere prosjekt, samarbeide internasjonalt, tileigne seg ny kompetanse og nå ut til eit større europeisk publikum.
Det finst informasjons- og rettleiingskontor for bransjen i alle land som er tilknytte MEDIA-programmet. Les meir på nettsidene til MEDIA-desk Noreg.
Informasjonsrådgiver Kreativt Europa MEDIA
Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.
Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.