Foto: Norsk filminstitutt
Virke Produsentforening og Norsk filminstitutt (NFI) samarbeider om ei felles pulsmåling for å følgje aktivitetsnivået i film- og serieproduksjonen. Denne månaden gjekk den første pulsmålinga ut.
Undersøkinga er tenkt gjennomført to gonger i året, og er utforma for å vere rask å svare på og enkel å analysere. Målet er å få betre innsikt i faktisk produksjonsaktivitet, marknadsutvikling og bruk av plattformer. Målinga vil kunne gi eit tydeleg augeblikksbilete av situasjonen slik han er no og korleis utviklinga er i eit halvårsperspektiv.
– For å kunne utforme treffsikre verkemiddel og prioritere ressursar rett, treng vi betre innsikt. Denne målinga er eit viktig steg på vegen, seier avdelingsdirektør Jørgen Risvik-Jellum i Norsk filminstitutt (NFI)
– Med dette samarbeidet vil NFI og Virke bygge eit solid kunnskapsgrunnlag for heile bransjen, og invitere til ein meir innsiktsbasert dialog, seier avdelingsdirektør Jørgen Risvik-Jellum.
Pulsmålinga skal gå ut til norske produsentar , og deira bidrag er heilt avgjerande for kvaliteten på innsikta.
– Vi er glade for at vi og NFI nå i samarbeid set i gang ei pulsmåling som viser aktivitetsnivået i produksjonsselskap i film- og tv-bransjen. Vi håper så mange som mogleg bidrar til undersøkinga, så vi får gode tall vi kan bruke i arbeidet vårt for bransjen, seier Åse Kringstad, leder i Virke Produsentforeningen.
Eit høgt svargrunnlag vil styrke kunnskapsdelinga i bransjen, gi betre grunnlag for politikkutforming og styrke dokumentasjonen overfor styresmaktene.
Svara skal behandlast konfidensielt, slik at produsentane kan kjenne seg trygge på å dele aktivitetsnivået sitt. Berre aggregerte tal blir publiserte. Målinga gjekk ut 22. august og har frist 29. august. Resultatet av pulsmålingane vil gjerast tilgjengeleg på NFIs nettsider i september.
Avdelingsdirektør strategi, kommunikasjon og utvikling
Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.
Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.