Kortfilmen Sand i tissen visast på filmfestivalen i Tribeca i desse dagar og skal òg visast på Kortfilmfestivalen i Grimstad denne veka. Foto: Mindre Film
Norske kortfilmar gjer seg stadig synlege internasjonalt. Tala for perioden 2023–2025 viser ei tydeleg satsing på å nå eit publikum utanfor Noreg. Samstundes tildeler Norsk filminstitutt på vegner av Utanriksdepartementet 2,1 millionar kroner i reisestøtte for å hente internasjonale ekspertar og presse til norske filmfestivalar.
– Internasjonale filmfestivalar er blant dei viktigaste visingsarenaene for norsk kortfilm. Det er her filmane møter publikum, og filmskaparar kan knyte kontaktar som er viktige for vidare karriere. For å gjere det mogleg å delta, gir Norsk filminstitutt tilskot til festivalpåmelding og lansering, seier Kjetil Omberg, avdelingsdirektør for publikum og posisjonering i Norsk filminstitutt.
Han peikar på at tilskota gjer det økonomisk lettare for fleire å søkje seg ut til det internasjonale festivalmarknaden, og bidreg til ei profesjonalisering av produsentarbeidet.
– Norsk filminstitutt har samstundes ei rådgivande rolle i dette arbeidet, og vi er i dialog med filmskaparane om å utvikle gode festivalstrategiar, seier Kjetil Omberg.
I fjor vart det tildelt 2,9 millionar kroner til internasjonalt arbeid med kortfilm, inkludert reisestipend. Dette er ein klar auke frå tidlegare år. Talet på søknader om lanseringstilskot på internasjonale festivalar auka frå 24 i 2023 til 35 i 2025, samstundes som hele 44 kortfilmar mottok tilskot til påmeldingsavgift. Dette viser eit kortfilmfelt med høge ambisjonar og eit aktivt arbeid for å nå ut internasjonalt. Både kort fiksjon og kortdokumentar er godt representerte, og filmane blir viste på ei rekkje festivalar og marknader.
– Dette gir gode moglegheiter til å møte publikum og byggje nettverk med andre i bransjen. Filmskaparar som ønskjer å vere til stades når filmen blir vist internasjonalt, kan òg søkje reisestipend. I 2025 vart det tildelt over 400 000 kroner i reisestipend til kortfilmskaparar som deltok på internasjonale festivalar, seier avdelingsdirektør Kjetil Omberg.
Norske kortfilmar har delteke på fleire av verdas viktigaste festivalar i perioden 2023–2025, mellom anna Cannes, Tribeca, Sundance, Clermont-Ferrand, Annecy, CPH:DOX og Hot Docs, og norske kortfilmar har blitt nominerte til både Oscar, Gullpalmen og Annie Awards.
Norske filmfestivalar er viktige møteplassar for norske film- og serieskaparar. Denne veka går Kortfilmfestivalen i Grimstad føre seg. Kortfilmfestivalen i Grimstad og Minimalen i Trondheim får tilskot til å invitere internasjonale festivalprogrammerarar, salsagentar og andre bransjeaktørar til Noreg. Dette gjer at norske filmskaparar kan møte sentrale avgjerdstakarar også utan å måtte reise ut, og det gir alle deltakarane på festivalane ei moglegheit til å knyte internasjonale kontaktar. Samstundes får gjestene innsikt i norsk film på nært hald.
I årets søknadsrunde for Utanriksdepartementet si reisestøtte til internasjonale ekspertar og presse har Norsk filminstitutt løyvd midlar til ti festivalar. Tilgjengelege midlar i 2026 var 2,1 millionar kroner.
Norsk filminstitutt gir etter avtale med Utanriksdepartementet tilskot til reiser for internasjonale ekspertar og presse som blir inviterte til norske festivalar og kulturelle arrangement. Denne tilskotsordninga vender seg til arrangørar av festivalar og kulturelle arrangement med fokus på norsk film, seriar og spel. Reisestøtta skal styrkje norsk film, seriar og spel si stilling internasjonalt, i tråd med regjeringa sitt mål om å styrkje norsk kulturliv sine internasjonale moglegheiter, og målet om ein auke på 50 prosent i norsk eksport.
I ordninga blir det mellom anna prioritert prosjekt som har brei representasjon frå bransjen og/eller som på sikt vil bidra til å styrkje profesjonalisering, internasjonalisering og kompetanseheving i den norske film-, serie- og spelbransjen. I tillegg må programmet bestå av eit internasjonalt relevant utval av norske filmar, seriar og/eller spel. Festivalar som har eit eige program for internasjonale bransjedeltakarar som går parallelt med festivalen sitt øvrige program, blir prioriterte. Det internasjonale programmet må vere profesjonelt lagt opp og vere spesielt retta mot utanlandske delegatar som festivalprogrammerarar, distributørar, filmjournalistar og andre bransjefolk som på sikt kan bidra til å fremje norsk film, seriar eller spel.
Lanseringskonsulent utland
Rådgiver lansering utland
| Dato for vedtak | Prosjekttittel | Ordning | Søker | Tildelt | Utvid for flere detaljer | |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
MIRAGE 2026
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: MIRAGE OSLO AS | Tildelt: 170 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
Kortfilmfestivalen 2026
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: KORTFILMFESTIVALEN STI | Tildelt: 370 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
Arctic Discovery
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: STIFTELSEN TROMSØ INTERNASJONALE FILMFESTIVAL | Tildelt: 150 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
New Nordic Films 2026
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: DEN NORSKE FILMFESTIVALEN AS | Tildelt: 580 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
Internasjonale eksperter til TIFF2027
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: STIFTELSEN TROMSØ INTERNASJONALE FILMFESTIVAL | Tildelt: 250 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
Internasjonale eksperter til bransjearrangmenter under Oslo Pix Filmfestival 2026
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: STIFTELSEN FESTIVALKONTORET | Tildelt: 110 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
SØKNAD OM STØTTE TIL – REISESTØTTE BRANSJEDAGER/INDUSTRY DAYS 2026
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: BARNEFILMFESTIVALEN AS | Tildelt: 130 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
Nordic Shorts Expo 2027
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: MINIMALEN KORTFILMFESTIVAL STI | Tildelt: 100 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
Ekspertstøtte - Fredrikstad Animation Festival AND Market 2026
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: NORSK ANIMASJONSFORUM STI | Tildelt: 150 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||
|
BIFF 2026: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse
|
Dato for vedtak: 9. jun. 2026 | Søker: BERGEN INTERNASJONALE FILMFESTIVAL AS | Tildelt: 90 000,- | Tilskuddsområde: Kompetanseheving og reising | Tilskuddsordning: UDs reisestøtte til internasjonale eksperter og presse | |
|
Tilskuddsområde:
Tilskuddsordning: |
||||||