Fasade på Cinemateket og Norsk filminstitutt. Foto: Helge Brekke
Norsk filminstitutt har hatt på høyring forslag til endringar i forskrift om tilskudd til audiovisuell produksjon. Nye retningslinjer for etterhandstilskot (EHT) trer i kraft frå 1. april.
Norsk filminstitutt set no i verk fleire endringar i forskrifta for tilskot til audiovisuell produksjon knytt til etterhandstilskot. Endringane følgjer etter ei høyring som opna i desember 2025 og vart avslutta 3. februar i år. Endringsforslaga var i all hovudsak basert på tidlegare innspel frå bransjen og dei regionale tilskotsforvaltarane. Endringen følger opp det filmpolitiske målet om å legge til rette for en sterk og bærekraftig bransje. Det kom inn 8 høyringssvar.
Alle høyringsinstansane støtta forslaget om å senke terskelen for etterhandstilskot (EHT) til 10 000 selde kinobillettar.
Det blir opna for at fleire regionale filmverksemder kan gå saman for å oppfylle kravet om minimum 3 millionar kroner, eller 25 prosent av utviklings- og produksjonsbudsjettet, for å utløyse EHT. Høyringa viste tydeleg støtte til modellen. I tillegg blir produksjonstilskot frå regionane gitt før 2026 rekna med.
Filmar som får produksjonstilskot eller etterhandstilskot frå Norsk filminstitutt skal framleis kunne visast på kino sjølv om filmen er lansert på andre plattformer. Dette såkalla ikkje- eksklusive kinovindauget får ingen tidsavgrensing, for å gi fleksibilitet i eit marknad i rask endring. Forslaget fekk brei støtte i høyringa.
Både regionale filmfond og bransjeorganisasjonar ønskte at den nye terskelen for billettsal skal gjelde for filmar med premiere frå 1. januar 2026. Dette blir tatt til følgje.
Forskriftsendringane trer i kraft 1. april 2026.
Seksjonsleder produksjonsrådgivning
Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.
Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.