Skogdal. Illustrasjon: Kay Arne Kirkebø og Erlend Kirkebø
Det handtekna deckbuilder-spelet Skogdal vart den største vinnaren med tre prisar under utdelinga av Spillprisen 2026. Prisen Årets spill gjekk til Overvåkerne.
Spillprisen er den årlege prisutdelinga for norsk spillbransje, og vert i år arrangert av Hamar Gamedev Syndicate og Hamar Game Events, med tilskot frå Norsk filminstitutt. Utdelinga av Spillprisen 2026 fann stad i Hamar torsdag kveld.
Spillprisen vert delt ut i ni kategoriar. Skogdal var nominert i seks kategoriar, og vann for beste visuelle uttrykk, beste speldesign og beste innovasjon. «Med håndtegnede blyantillustrasjoner, nynorsk språkdrakt og en tydelig forankring i norsk kultur, skaper spillet en opplevelse som føles både nær og uvanlig på samme tid. Det er direkte, selvsikkert og inspirerende - og viser hvor langt man kan komme med en klar visjon» skriv juryen mellom anna om spelet. Skogdal er laga av Erlend Kirkebø og Kay Arne Kirkebø, og er eit eventyrkortspel satt til ei lita bygd i Noreg på 90-talet.
Dune - Awakening frå Funcom vann i klassane beste teknologi og beste lyd.
Prisen Årets spill gjekk til Overvåkerne, og utviklarane Old Man Games vann prisen for årets nykommar.
Frå spelet Overvåkerne. Illustrasjon: Old Man Games
Skogdal har fått 850 000 kroner i tilskot til utvikling frå Norsk filminstitutt, og er kjøpt inn til Spillbiblioteket.