Hopp til hovedinnhold
Foto. Fasaden til lokalene til Cinemateket og Norsk filminstitutt

Foto: Rolands Boss Photography

Statsbudsjettet 2026: 1,1 milliardar kroner til film- og dataspelformål

Film Spill

Dei samla løyvingane til Film- og dataspelformål (Kap. 334) på statsbudsjettet for 2026 er på 1124 millionar kroner, som er opp frå 1084 millionar kroner for inneverande år.

Regjeringa vil styrkje filmfondet med 11 millionar kroner til 693 millionar kroner, og auke tilskotet til Internasjonalt Samisk Filminstitutt med 3 millionar kroner. Tilsagnsfullmakten for insentivordninga ligg fast på 130 millionar kroner. Regjeringa vil vidareføre ordninga for innkjøp av dataspel med finansiering frå spelemidlane til kulturformål.

Totalt vert kulturbudsjettet auka med 4,8 %. Midlane til film- og dataspelformål vert auka med 3,7 %.

– I urolege tider er kunst og kultur viktigare enn nokon gong. Som samfunn får vi mykje att for det vi investerer i film- og spelområdet. Norske filmar, seriar og dataspel har ein sentral plass i folks liv, dei speglar oss, samlar oss og styrkjer fellesskapet i ei tid der ytringsfridom og demokrati er under press, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.

– Norske filmar og dataspel står no i ein sterk posisjon, både nasjonalt og internasjonalt. Samstundes veit vi at bransjen har særlege behov i ei tid med aukande kostnader. Vårt bodskap framover er tydeleg: Vi må styrkje satsinga på film, spel og seriar, seier direktør Kjersti Mo.

ISFI får nasjonalt mandat

Kultur- og likestillingsdepartementet anbefaler at Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) blir gitt eit nasjonalt mandat i form av et hovudansvar for samisk film i Noreg. For å ivareta dette oppdraget foreslår regjeringa å auke tilskotet til ISFI med 3 millionar kroner.

– Det er bra at regjeringa vil styrkje samisk film. Norsk filminstitutt vil framleis ha mandat til å gje tilskot til samisk film, og vi vil bygge vidare på det gode samarbeidet med Internasjonalt Samisk Filminstitutt og bidra til godt samspel mellom tilskotsordningane våre, seier direktør Kjersti Mo. 

Insentivordninga

Regjeringa foreslår å løyve 55 millionar kroner på posten til insentivordninga for film- og serieproduksjonar i 2026. Samla ramme for nye tilsegn og eksisterande forpliktingar i insentivordninga ligg på 130 millionar kroner i 2026, likt med dei siste to åra. Dersom alle tilsegn som er gitt under ordninga i tidlegare budsjettår fullt ut kommer til utbetaling, vil Norsk filminstitutt i 2026 kunne gi tilsegn om tilskot til nye prosjekt innanfor ei samla ramme på inntil 84,7 millionar kroner.

Dataspel

I oppfølginga av Tid for spill – regjeringens dataspillstrategi 2024–2026, har Norsk filminstitutt fått utvida mandatet på dataspelfeltet til også å omfatte dataspelkultur, i tillegg til utvikling og formidling av dataspel. I 2025 vart løyvinga til filmfondet auka med 5 millionar kroner til å opprette ei prøveordning til innkjøp av dataspel. Ordninga er forutsett vidareført med finansiering frå spelemidlane til kulturformål i 2026.

Kontakt

Foto. Kvinne ser på kamera

Edda Falk

Kommunikasjonssjef

Meld deg på

Siste nytt fra Norsk filminstitutt

Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.

Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.

Motta siste nytt om 
Når vil du motta nyheter