Amandaprisen. Illustrasjon: Den norske filmfestivalen
Norsk filminstitutt satsar på ein nasjonal filmpris, og det første større tilskotet i den nye ordninga går til Amandaprisen.
Norsk filminstitutt (NFI) har ansvar for tilskot til ein nasjonal filmpris. Dette har til no vore gitt som ein del av tilskot til drift av filmfestivalar, men blir no delt ut separat. For å få tydelege kriterium og sikre god tilskotsforvaltning oppretta NFI i år ei eiga tilskotsordning for nasjonal filmpris.
NFI har sett maksimalt tilskotsbeløp for ordninga med nasjonal filmpris til tre millionar kroner. Dette er ei auke av budsjettramma samanlikna med tidlegare år.
– NFI ønsker å styrke ein nasjonal filmpris i Noreg. Vi ser at norsk film får prisar og anerkjenning internasjonalt. Samstundes er det god oppslutning om norske filmar på kino her heime, så det er viktig å feire dei med ein nasjonal filmpris som publikum opplever som relevant og som bidreg til å løfte norsk film, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt
Etter høyringsrunden hausten 2024 vart tilskotet lyst ut i mai 2025, med søknadsfrist 1. oktober.
Søknadane vart vurderte av eit ekspertutval som er utnemt av NFI for tre år.
I samsvar med forskrift om tilskot til filmformidling skulle ekspertane i si vurdering leggje vekt på filmprisen si forankring i den norske filmbransjen, relevans for det norske publikummet og bidrag til å fremje miljømessig berekraft i sektoren.
– Ekspertutvalet har gjort ein svært grundig jobb med å vurdere søknadene. Dei har, basert på utvalskriteria, konkludert med at dei tilrår at det er Den norske filmfestivalen og Amandaprisen som blir prioriterte for tilskot i denne vedtaksrunden, seier NFI-direktør Kjersti Mo.
Seksjonsleder publikum og gjennomslag