Hopp til hovedinnhold
Foto. En mann står inne i en kornsilo og slår med en slegge.

Foto: Aldeles

Tre nye dokumentarfilmar med klimatematikk får 4,3 millionar i tilskot frå NFI

Tilskudd Film Dokumentarfilm

Dokumentarfilmar om klimaendringar i Kenya, kampen om naturen på Vestlandet og Påskeøya sin undergang, har fått produksjonstilskot frå Norsk filminstitutt.

I vedtaksmøte denne veka har Norsk filminstitutt (NFI) tildelt til saman 4.280.000 kroner i produksjonstilskot til dokumentarfilmar etter kunstnerisk vurdering:

  • Vi som solgte landet (Aldeles) 1.600.000 kroner
  • Verdens navle (Mikrofilm) 1.580.000 kroner.
  • With Grace (Differ Media) 1.100.000 kroner

Felles for dei tre dokumentarfilmane er at dei alle handlar om klimaendringane og korleis dei påverkar oss, anten det er på Vestlandet, Påskeøya eller i Kenya.

Foto. Snølandskap og en person som går i snøen

Vi som solgte landet

  • Regissør Kieran Kolle
  • Format Dokumentarfilm
  • Sjanger Dokumentar
  • Selskap Aldeles AS
  • Premiere 20. februar 2026
  • Produsent Elisabeth Kleppe
  • Manusforfatter Kieran Kolle, Elisabeth Kleppe

I dokumentaren Vi som solgte landet møter vi mennesker som opplever at naturen rundt dem blir rasert som en følge av det grønne skiftet – og som ikke blir hørt når de protesterer mot destruktive inngrep i livene og nærmiljøene deres.

Verdens navle

1.580.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Mikrofilm AS. Produsent: Lise Fearnley og Tonje Skar Reiersen. Regissør og manusforfattar: Robin Jensen. Lengde: 15-20 minuttar. Animert dokumentarfilm. Totalbudsjett for produksjonen er 2.700.000 kr.

Synopsis: Verdens navle er ein essayistisk dokumentar om den økologiske kollapsen på Rapa Nui (Påskeøya) som metafor på vår tids komande klimakatastrofe. Innbyggjarane på Rapa Nui saga bokstaveleg talt av greina dei sat på: Ved å utrydde all skog på øya, raserte dei sitt eige livsgrunnlag. Isolerte i Stillehavet gjekk dei svoltnande øybuane over til den største proteinkjelda tilgjengeleg: menneske. Historia om Rapa Nui kan tena både som åtvaring om menneskja sin undergang og som vitnemål om vår tilpassingsdyktigheit.

Regissør og manusforfattar Robin Jensen er utdanna grafisk designar ved Kunsthøgskolen i Oslo og i dokumentar- og animasjonsfilm ved Høgskulen i Volda. Han har regissert fleire kort- og dokumentarfilmar og vunne ei rekkje prisar, både internasjonale og nasjonale. Hans filmar kjenneteiknast av kreativitet og eit unikt visuelt uttrykk. Sjå Jensens tidlegare filmar her.

Frå konsulenttilrådinga: «Verdens navle er ein unik og poetisk film som tek for seg klimatrusselen på ein ny måte. Den brukar den økologiske kollapsen på Påskeøya som ein metafor og vever saman historiske og nåtidige element. Filmen blandar ulike visuelle og lydmessige element, inkludert animasjonar, intervju og arkivmateriale. Regissør Robin Jensen, kjend for sin unike stil og prisvinnande filmar, har som mål å fenga eit publikum som enno ikkje er engasjert i miljøspørsmål. Verdas navle blir ein film om klimatrusselen, med ein vri. Frå hendingane på Påskeøya beveger filmen seg leikent mellom hendingane der, Voyager 1, the Golden Record og scener frå notida. Dette blir ein underfundig og poetisk forteljing for ungdomar», skriv Anna J. Ljungmark, filmkonsulent dokumentarfilm ved Norsk filminstitutt.

Foto. En jente hopper i hoppetau foran et hus.

With Grace

  • Regissør Julia Dahr, Dina Mwende
  • Format Dokumentarfilm
  • Sjanger Kort dokumentar
  • Selskap Differ Media AS
  • Premiere 19. november 2024
  • Produsent Natalya Sarch, Arne Dahr, Julia Dahr, Johanne Kristensen Sandvik
  • Primærplattform Festivaler, TV, skole

Grace er en morsom jente fra landlige Kenya, som alltid kommer på kreative ideer for å få de åtte søsknene hennes til å le. Drømmen hennes er å bli komiker – og bonde som mamma og pappa. Faren hennes er ekspert på å fortelle vitser, og om kvelden ved bålet ser Grace på hver eneste bevegelse han gjør for å lære å bli enda morsommere. Men når en forferdelig tørke rammer landsbyen, får Grace vite at mange fedre må forlate familiene sine for å søke etter jobb i byen langt unna. Hun begynner å bekymre seg for at faren hennes også må dra. Grace og familien hennes finner håp i deres felles humor og gjennom å plante trær som vil hjelpe avlingene deres å tilpasse seg tørken. Men vil deres innsats være nok til å holde familien sammen?

Kontakt

Foto. Mann ser inn i kamera.

Jakob Berg

Kommunikasjonsrådgiver

Foto. Kvinne smiler

Anna J. Ljungmark

Filmkonsulent dokumentar