Hopp til hovedinnhold
foto. kompositt av tre portrettbilder

Fra v. Janic Heen, Nanna Mailand-Mercado, Thale Persen. Foto: Veslemøy Langvik/Karin Birgitte Lund/Privat

Tre nye filmkonsulentar tilsette ved Norsk filminstitutt

Tilskudd Film

Nanna Mailand-Mercado, Janic Heen og Thale Persen er tilsette som nye filmkonsulentar ved Norsk filminstitutt, i fireårig åremål. Dei tre nye konsulentane vil vere i gang frå nyttår.

– Vi er glade for å kunne rekruttere heile tre søkarar til stillingane som filmkonsulent fiksjon etter ei tilsettingsrunde med mange sterke søknader, seier Terez Hollo-Klausen, avdelingsdirektør for kunstnarisk vurdering, utvikling og publikum i Norsk filminstitutt. 

Lang fiksjon

Nanna Mailand-Mercado blir ny konsulent for lang fiksjon. Mailand-Mercado har arbeidd med utvikling, produksjon og finansiering både i Norden og i internasjonale samanhengar. Ho har bakgrunn som blant anna Senior Manager Original Productions hos Disney Nordic, Head of Originals hos Viaplay, og avdelingssjef ved Det Danske Filminstitut. Ho har hatt ansvar for ei rekke anerkjente produksjonar, til dømes Koke bjørn/To Cook a Bear (Disney+, 2025), Riget Exodus (Viaplay/DR, 2022) og Wisting (Viaplay, 2019-2022).  

– Eg ser fram til å arbeide tett saman med det norske filmmiljøet, eit miljø eg alltid har beundra for sitt mot, si tone og sin autentisitet. Eg har lenge vore fan av norske filmar og seriar, som etter mi meining er blant dei mest markante og nyskapande i Norden. Det er eit privilegium å få bidra til det neste kapitlet i denne fortellinga, seier Nanna Mailand-Mercado. Ho startar i stillinga 1. januar 2026.

Neo og kortfilm

Det nye konsulentteamet for Neo-ordningane og kortfilm blir Thale Persen og Janic Heen. 

Thale Persen er utdanna frå blant anna Høgskulen i Volda med spesialisering i TV- og dokumentarregi, og har lang erfaring som regissør både for film og TV. Ho starta karriera i NRK, der ho blant anna hadde regi på dramaserien Julekongen (2012). Ho har jobba innanfor dei fleste sjangrar og målgrupper, med regi på spelefilmar som Julekongen – Full rustning (2015) og Clue: Maltesergåten (2021), dramaseriar som Tynn is (2020) og Emmy-nominerte Nattens arvinger/Heirs of the Night (2019), og dokumentarseriar som Therese, jenta som forsvant (2020) og En varslet skandale (2024).

– Eg ser på rolla som filmkonsulent som ei fantastisk moglegheit til å vere ein kunstnarisk sparringspartnar for nye filmskaparar. Min bakgrunn som regissør gir meg god forståing for regi- og manusprosessar. Eg ser fram til å oppdage kva som rører seg der ute av idéar og talent, og kva det kan gi oss av nye historier og perspektiv, seier Thale Persen, som startar i stillinga 10. november. 

Janic Heen er utdanna regissør frå Den norske filmskolen, og har hatt regi på seriar som Mammon (2014-2016), Sorte enker/Black Widows (2016-2017) og Atlantic Crossing (2020). Til Norsk filminstitutt kjem Janic Heen frå stillinga som film- og spelkonsulent på Viken filmsenter, der han har vore siden 2023. 

– Eg ser verkelig fram til å bli kjent med nye talentar og prosjekt i rolla som konsulent hos Norsk filminstitutt. Eg håper å kunne bidra til at den sterke og modige skaparenergien i norsk film og TV skal få kome til uttrykk, uttalar Janic Heen. Han startar i stillinga 1. januar 2026. 

Konsulentteamet

– Vi gleder oss til å ta imot dei tre nye konsulentane til konsulentteamet. Saman vil dei styrke konsulentgruppa med variert erfaring innan både talentutvikling, internasjonal produksjon, og film og seriar for barn og unge, seier Kjersti Mo, direktør ved Norsk filminstitutt.

Norsk filminstitutts seksjon for kunstnarisk vurdering vil frå 1. januar 2026 bestå av konsulentane Anna J. Ljungmark og Charlotte Røhder Tvedt på dokumentar, og konsulentane Nanna Mailand-Mercado, Janic Heen, Thale Persen, Jens Christian Fodstad og Nina M. Barbosa Blad på fiksjon. 

Konsulentane Tom Gulbrandsen og Rodrigo Stoicheff går av ved årsskiftet, medan Nina M. Barbosa Blad fortsett i åremålet ut mars 2026. 

– Sidan konsulentane er tilsette på åremål, betyr det å seie velkommen til nokon, eit farvel til andre. Nå som filmkonsulentane Tom Gulbrandsen og Rodrigo Stoicheff går av ved årsskiftet, kan vi takke dei for den utrettelege innsatsen dei siste fire åra. Tom og Rodrigo har bidratt til å fremme ei breidde av norsk filmkunst. Suksessen til filmar som Affeksjonsverdi og Elskling dannar ei fin ramme for avrundinga av arbeidet deira på Norsk filminstuttt, seier direktør Kjersti Mo. 

Konsulentar i overgangsperioden oktober-desember

Lang fiksjon: Filmkonsulent Tom Gulbransen tek ikkje lenger imot søknader. Filmkonsulent Jens Christian Fodstad er tilgjengeleg ut året for søkarar til utvikling lang fiksjon. Frå 1. januar 2026 kan søkarar ønske både Jens Christian Fodstad og Nanna Mailand-Mercado som konsulent.    

Neo og kortfilm: Filmkonsulent Rodrigo Stoicheff tek  imot søknader fram til 31. oktober. Frå 1. desember 2025 er også Thale Persen tilgjengeleg for søknad i ordningane Neo ideutvikling og kortfilm.  

Frå 1. januar 2026 er det mogleg å ønske både Thale Persen og Janic Heen som konsulent på alle Neo-ordningane, samt kortfilm.

I 2026 vil Nina Barbosa Blad ferdigbehandle sine søknader ut åremålet hennar, som vert avslutta 31. mars 2026. 

Kontakt

Foto. Kvinne ser på kamera

Edda Falk

Kommunikasjonssjef

Foto. Kvinne smiler

Cecilie Stranger-Thorsen

Seksjonsleder kunstnerisk vurdering

Meld deg på

Siste nytt fra Norsk filminstitutt

Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.

Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.

Motta siste nytt om 
Når vil du motta nyheter