Hopp til hovedinnhold

Høyringsfråsegn: Framlegg til endring i kulturlova

Norsk filminstitutt stiller seg bak Kultur- og likestillingsdepartementets framlegg til endring i kulturlova, som inneberer endringar i lovas føremål og eit nytt føresegn som lovfestar prinsippet om armlengds avstand.

Norsk filminstitutt (NFI) er særleg positive til ei lovfesting av prinsippet om armlengds avstand. Lovfestinga inneber ei klargjering av prinsippet. Dette kjem både kulturlivet og dei offentlege myndigheitene, som skal etterleve prinsippet, til gode. Det er av stor betydning for den kunstnariske ytringsfridomen at avgjerder som i hovudsak er baserte på kunstnarisk eller kulturfagleg skjønn, skal treffast av personar eller verksemder med relevant fagkompetanse. Og ikkje minst, at politiske styresmakter ikkje kan overprøva eller instruera om innhaldet i slike avgjerder.

For NFI er dette allereie fastsett i forskrift av 7. oktober 2016 nr. 1196 om tilskudd til produksjon og formidling av audiovisuelle verk, som fastlegg at departementet ikkje kan instruere NFI i enkeltsaker. NFIs utøving av kunstnarisk og filmfagleg skjønn skjer dermed fritt for instruksjon frå politiske styresmakter. I staden fastset departementet overordna mål og generelle rammer for verksemda. Slik styring er i tråd med det framlagte prinsippet, som slår fast at politiske styresmakter kan fastsett økonomiske og juridiske rammer og generelle mål.

Her kan du lese NFIs høyringssvar

Kontakt

Ansatte i NFI Kjersti Mo foto david malmbekk NFI 2

Kjersti Mo

Direktør