Norsk filminstitutt

Langdokumentarane Løvene ved elven Tigris, Tre fedre og Flaskepost fra havet er tildelt produksjonstilskot etter kunstnarisk vurdering, i vedtaksmøte på Norsk filminstitutt (NFI) denne veka.   

løvene fra elven tigris still.jpg
Frå dokumentarfilmen Løvene ved elven Tigris. Foto: Indie Film

Løvene ved elven Tigris 

1.750.000 kroner i produksjonstilskot.
Produksjonsselskap: Indie Film Bergen AS. Produsent: Thorvald Nilsen. Regi og manus: Zaradasht Ahmed. Totalbudsjett: 5.863.256 kroner

Den vakre, eldgamle irakiske byen Mosul vart erobra av IS og gjort om til ein av dei mest forhatte stadane i verda. I frigjeringskrigen vart gamlebyen liggjande i ruinar. Kan folket i Mosul reise seg og lækje både seg sjølve og byen deira?

Med Nowhere To Hide (2016) vann Zaradasht Ahmed prisen for beste langdokumentar på IDFA-festivalen. Med Løvene ved elven Tigris vender han attende til Irak. Thorvald Nilsen er ein erfaren dokumentarprodusent som m.a har produsert seriesuksessen Fjorden Cowboys (2014-2019), og fleire langdokumentarar. I 2023 starta han Indie Films kontor i Bergen.  

Frå konsulentens vurdering: «Ei forteljing om menneskets kraft til å skape eit samfunn frå ruinar. Den viser den menneskelege ånda som er langt sterkare enn det som forstyrrar og øydelegg. Men det har sjølvsagt ein pris. Ved å følgje gavmilde og kreative personar i byen i deira arbete for å byggje opp byen, får vi både eit spegelbilete av dei grufulle handlingane som IS gjorde, men også alt det vakre i byen, og tradisjonane som no gjer det mogleg å starte på nytt» – Klara Nilsson Grunning, dokumentarkonsulent NFI.

Filmen er tidlegare tildelt 1.150.000 kroner i utviklingstilskot frå NFI.

foto. tre menn med kort hår og skjekk er samla rundt ein baby ved ei sjukehusseng
Frå dokumentarfilmen Tre fedre. Foto: Indie Film

Tre fedre 

1.500.000 kroner i produksjonstilskot.
Produksjonsselskap: Indie Film AS. Produsentar: Carsten Aanonsen og Karianne Berge. Regi og manus: August B. Hanssen og Even G. Benestad. Totalbudsjett: 5.990.991 kroner 

Tre menn ventar sitt første barn. Kris, David og Sindre er alle tidleg i 30-åra og lever i eit flerpartnarskap. Filmen følger graviditeten og livet som venter den vesle familien – og barnet deira.   

Even G. Benestad og August B. Hanssen har samarbeidd på ei rekke dokumentarfilmar for kino og tv, heilt frå Benestads regidebut Alt om min far (2002) til den komande Curse of Kane. Indie Film er ein av dei leiande dokumentarprodusentane i Noreg gjennom 25 år. Carsten Aanonsen etablerte Indie film i 1998 og er nå produsent og dagleg leiar i firmaet. Karianne Berge har vært produsent på Indie Film sidan 2010, bl.a på Veien hjem (2022) og den kommande Kyiv Soloists. 

Frå konsulentens vurdering: «Filmen Tre fedre spør kva ein familie er. Den utfordrar både fysisk, sosialt og politisk korleis samfunnet ser på, definerer og møter familiar som utfordrar det tradisjonelle biletet av kva familien er og skal vere. I eit samfunn der grupper og personar som vel andre livsstilar enn det tradisjonelle er utsette for kritikk og mistanke, kan det være ein kamp å komme seg gjennom systemet og bli likebehandla. Dette er ei varm og kraftfull forteljing som viser ein kompleks livssituasjon frå eit unikt perspektiv» – Klara Nilsson Grunning, dokumentarkonsulent NFI.

Filmen er tidlegare tildelt 600.000 kroner i utviklingstilskot frå NFI. 

foto. to barn sitt i baugen på ein båt der den eine sjår ned på eit isflak i vatnet og den andre sjår mot kamera
Frå dokumentarfilmen Flaskepost fra havet. Foto: Christian Brevik

Flaskepost fra havet  

375.000 kroner i produksjonstilskot. 
Produksjonsselskap: Rollo Tomasi AS. Produsent: Simen Bang-Hansen. Regi og manus: Thomas Lien. Totalbudsjett: 2.357.126 kroner

Flaskepost-gjengen drar igjen ut på havet, denne gongen seglar dei i eigen båt rundt heile Nord-Atlanteren. Det handlar om livet om bord i ein seglbåt og om menneska dei møter undervegs, og denne gongen om miljøet, covid-19, Black Lives Matter, men også alt det underfundige dei møter på sin ferd. Filmen er særleg retta mot aldersgruppa 11-14 år. 

Rollo Tomasi ved Simen Bang-Hansen og Thomas Lien produserte to sesongar av Flaskepost fra Stillehavet for NRK, i 2014 og 2016. 

Frå konsulentens vurdering: «Ein film som med ein unik tilgang skildrar eit familieeventyr til havs og på land, og inneheld alt frå spektakulære opplevingar til kvardagslege gjeremål. Temaet i filmen er ei eventyrreise, noko som gjer den spennande for den tiltenkte målgruppa, og for både vaksne og barn kan filmen fungere som ein inspirasjon til kva som er mogleg å gjere i livet. Men det som gjer dette til meir enn ein underhaldande barne-/ungdomsfilm, er dei globale spørsmåla og ikkje alltid positive opplevingane som dukkar opp under seglturen. Til dømes når familien blir tvungen til å bli på ein øy i fleire månader når Covid bryt ut, og nærværet av klimakrisa gjennom smeltande is og uventa vêr» – Anna J. Ljungmark, dokumentarkonsulent NFI. 

Les meir om produksjonstilskot til dokumentar etter konsulentvurdering

I vedtaksmøtet denne veka fekk også fire spelefilmar produksjonstilskot etter kunstnarisk vurdering – les meir her

  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no