Kven kan søke
- Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
- Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
- I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om at verksemda ikkje har det offentlege som hovudeigar.
- Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
- Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.
Dette kan du søke om
Du kan søke om tilskot til distribusjon av filmen i utlandet. Utgiftene må vere tydeleg spesifisert i søknaden.
Du kan søke om tilskot til lansering i enkeltland eller territorium i utlandet. Begrepet territorium inneber at filmen blir seld for distribusjon i ei rekke land, for eksempel Norden eller den tysktalande delen av Europa.
Kostnadar som kan dekkes er:
- visningskopiar og reklamemateriell
- marknadsføringskampanjar
- versjonering og dubbing
- distributørens arbeid med den aktuelle lanseringa kan utgjere inntil 10 % av budsjett.
Tilskotet skal ikkje dekke kostnadar til kjøp av rettar/minimumsgaranti (MG).
Vilkår for tilskot
- Det må leverast fullstendig søknad før filmens premiere i det aktuelle landet/territoriet.
- Filmen må vere ein spelefilm eller ein dokumentarfilm med lengd på over 60 minuttar.
- Filmen må lanserast på kino i det aktuelle landet/ territoriet. Filmen kan i tillegg lanserast på andre plattformer, og utgifter til dette kan inngå i budsjettet.
- Minimumsgarantien, eller første delbetaling må vere utbetalt på søknadstidspunktet.
- Distributøren må vere eit selskap med distribusjon av film som sitt hovudføremål.
- Distributøren skal dokumentere distribusjonsrettane i det aktuelle landet/territoriet.
- Norsk filminstitutt skal krediterast på lanseringsmaterialet når filmen distribuerast i det aktuelle landet/territoriet.
Prioritering og vekting av søknaden
Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene opp mot kvarandre. Vi baserer vurderinga på lanserings- og marknadsføringsplanen, budsjettestimat og sjølve filmen. Følgande vil bli vektlagt:
- At tilskot i ordninga primært skal gå til kinolansering
- Verkets estimerte sals- og publikumspotensial
- At lanseringsplanen gjer godt greie for korleis filmen skal nå sine tiltenkte målgruppe(r)
- Om lanseringsplanen inneheld tiltak utover normale aktivitetar knytt til lanseringa
- At budsjettestimata er realistiske
- At distributøren har den nødvendige profesjonelle kompetansen for å gjennomføre lanseringa.