Hopp til hovedinnhold

Internasjonal distribusjon

Ordninga skal stimulere til auka eksport av norsk film gjennom å gi tilskot til marknadsføring og distribusjon av norsk film i utlandet. Tilskotet blir gitt til den utanlandske distributøren via filmens norske produsent. Ordninga er eit pilotprosjekt som blir vidareført ut 2025.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål. 
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform. 
  • I særlege tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om at verksemda ikkje har det offentlege som hovudeigar. 
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret. 
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot. 

Dette kan du søke om 

Du kan søke om tilskot til distribusjon av filmen i utlandet. Utgiftene må vere tydeleg spesifisert i søknaden.  

Du kan søke om tilskot til lansering i enkeltland eller territorium i utlandet. Begrepet territorium inneber at filmen blir seld for distribusjon i ei rekke land, for eksempel Norden eller den tysktalande delen av Europa. 

Kostnadar som kan dekkes er: 

  • visningskopiar og reklamemateriell 
  • marknadsføringskampanjar 
  • versjonering og dubbing 
  • distributørens arbeid med den aktuelle lanseringa kan utgjere inntil 10 % av budsjett. 

Tilskotet skal ikkje dekke kostnadar til kjøp av rettar/minimumsgaranti (MG). 

Vilkår for tilskot  

  • Det må leverast fullstendig søknad før filmens premiere i det aktuelle landet/territoriet. 
  • Filmen må vere ein spelefilm eller ein dokumentarfilm med lengd på over 60 minuttar. 
  • Filmen må lanserast på kino i det aktuelle landet/ territoriet. Filmen kan i tillegg lanserast på andre plattformer, og utgifter til dette kan inngå i budsjettet. 
  • Minimumsgarantien, eller første delbetaling må vere utbetalt på søknadstidspunktet. 
  • Distributøren må vere eit selskap med distribusjon av film som sitt hovudføremål. 
  • Distributøren skal dokumentere distribusjonsrettane i det aktuelle landet/territoriet. 
  • Norsk filminstitutt skal krediterast på lanseringsmaterialet når filmen distribuerast i det aktuelle landet/territoriet. 

Prioritering og vekting av søknaden 

Vi gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene opp mot kvarandre. Vi baserer vurderinga på lanserings- og marknadsføringsplanen, budsjettestimat og sjølve filmen. Følgande vil bli vektlagt: 

  • At tilskot i ordninga primært skal gå til kinolansering 
  • Verkets estimerte sals- og publikumspotensial 
  • At lanseringsplanen gjer godt greie for korleis filmen skal nå sine tiltenkte målgruppe(r) 
  • Om lanseringsplanen inneheld tiltak utover normale aktivitetar knytt til lanseringa 
  • At budsjettestimata er realistiske 
  • At distributøren har den nødvendige profesjonelle kompetansen for å gjennomføre lanseringa. 

Meir om ordninga

Tidlegare tildelingar i denne ordninga

Tildelinger
Kraken
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: Nordisk Film Production as Tildelt:  250 000,- Regissør: Pål Øie Produsent: John Einar Hagen, Einar Loftesnes Manus: Vilde Eide, Kjersti Helen Rasmussen, Natasha Arthur Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Solomamma
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: BACON PICTURES OSLO AS Tildelt:  120 000,- Regissør: Janicke Askevold Produsent: Magnus Nygaard Albertsen, Gary Cranner, Rebekka Rognøy Manus: Mads Stegger Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Onkel Jens
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: TRUE CONTENT PRODUCTION AS Tildelt:  151 289,- Regissør: Brwa Vahabpour Produsent: Renee Mlodyszewski Manus: Brwa Vahabpur Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Grevlingene
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: 73 EYES FILM PRODUCTION AS Tildelt:  225 000,- Regissør: Paul M. Lundø Produsent: David L. Leader Manus: Paul M. Lundø Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Stargate - en julefortelling
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: Motlys as Tildelt:  236 317,- Regissør: Ida Sagmo Tvedte Produsent: Hege Hauff Hvattum Manus: Ingvild H. Rishøi, Ida Sagmo Tvedte Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Reisen mot Nord
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: PICTORYLAND AS Tildelt:  79 926,- Regissør: Bente Lohne Produsent: Håkon Gundersen Manus: Bente Lohne Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Reisen mot Nord
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: PICTORYLAND AS Tildelt:  56 465,- Regissør: Bente Lohne Produsent: Haakon Gundersen Manus: Bente Lohne Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Flåklypa - fra Paris til pyramidene
Les mer
Dato for vedtak: 21. apr. 2026 Søker: Qvisten Animation as Tildelt:  358 027,- Regissør: Rasmus A. Sivertsen Produsent: Rebecca Padoin Manus: Rob Sprackling, Karsten Fullu Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Reisen mot Nord
Les mer
Dato for vedtak: 18. nov. 2025 Søker: PICTORYLAND AS Tildelt:  82 236,- Regissør: Bente Lohne Produsent: Håkon Gundersen Manus: Bente Lohne Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon
Reisen mot Nord
Les mer
Dato for vedtak: 18. nov. 2025 Søker: PICTORYLAND AS Tildelt:  58 740,- Regissør: Bente Lohne Produsent: Håkon Gundersen Manus: Bente Lohne Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Internasjonal distribusjon

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Hanne Merethe Okstad foto david malmbekk NFI 2

Hanne Merethe Okstad

Rådgiver lansering utland