Hopp til hovedinnhold
Dokumentar og spillefilm får tilskudd november 2024

Foto: Integral film og Evelyn Louise Lundemo

Dokumentar og Neo-spelefilm får produksjonstilskot

Tilskudd Film Talentutvikling Spillefilm

Dokumentarfilmen Dette er ikke et eple og spelefilmen Fighter er tildelt produksjonstilskot frå Norsk filminstitutt denne veka.

Spelefilmen Fighter er tildelt 6.900.000 kroner i produksjonstilskot gjennom ordninga Neo produksjon. Regi og manus er ved filmskapar og skodespelar Irasj Asanti. Filmen handlar om Sara (19), som drøymer om å bli profesjonell MMA-utøvar. Ho drøymer også om Andrea (19), og sjølv om følelsane er gjensidige, må forholdet deira haldast hemmeleg. 

«Eit karakterdreve drama med ei drivande handling som kombinerer emosjonell djupne og intensitet» heiter det i konsulentfråsegna frå filmkonsulent Rodrigo Stoicheff. Irasj Asanti lagde lågbudsjettsfilmen Høvdinger i 2015, han har seinare regissert prisvinnande kortfilmar som Knus meg (2018), Sand (2022) og Alina (2024), og har markert seg som manusforfattar og skodespelar i fleire dramaseriar. 

Neo produksjon er ei tilskotsordning for manifesterte talent som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar og dramaseriar. Neo skal bidra til å få fram originale og modige prosjekt av høg kunstnarisk kvalitet.   

800.000 til dokumentar

Dette er ikke et eple er den nye dokumentarfilmen til filmskapar Nefise Özkal Lorentzen. Filmen følger to palestinske brør, som etter eit brutalt knivangrep må ta ei avgjerd: Hemne eller tilgje? Filmen er tildelt 800.000 kroner i produksjonstilskot etter kunstnarisk vurdering. «Ei fortelling som speglar ein universal tematikk gjennom ein lokal situasjon» heiter det i konsulentfråsegna frå filmkonsulent Klara Nilsson Grunning. 

Nefise Özkal Lorentzen er ein tyrkisk-norsk forfattar, filmskaper og professor ved Fakultet for audiovisuelle medier og kreative teknologiar ved Universitetet i Innlandet. Gjennom dei siste to tiåra har Lorentzen laga dokumentarar som utfordrar etablerte narrativ om islam og synleggjer tema som kjønn, identitet og menneskerettar, no sist med Seyran Ateş: Sex, Revolution and Islam (2021). 

Meir om filmane her

Illustrasjon. Rød filmklapper på svart bakgrunn

Fighter

  • Regissør Irasj Asanti
  • Format Spillefilm
  • Selskap Anagram Norge AS
  • Premiere Første kvartal 2027
  • Produsent Ole Marius Araldsen
  • Manusforfatter Irasj Asanti, Nina Anderson
  • Primærplattform Kino

Sara (19) drømmer om å bli profesjonell MMA-utøver. Hun drømmer også om Andrea (19). Selv om følelsene er gjensidige, må forholdet holdes hemmelig, siden Sara er gift med en mann. Fighter er en hittil ufortalt historie om en del av det norske samfunnet som sjelden blir portrettert.

foto. to menn står bøyd mot jorden og graver den ene med spade og solbriller, trær og blå himmel i bakgrunnen

Dette er ikke et eple

  • Regissør Nefise Özkal Lorentzen
  • Format Dokumentarfilm
  • Sjanger Dokumentar
  • Selskap Integral film AS
  • Premiere 6. november 2026
  • Produsent Nefise Özkal Lorentzen, Ola K. Hunnes
  • Manusforfatter Nefise Özkal Lorentzen
  • Primærplattform Kino

De palestinske brødrene Yahya og Reda bor i et nabolag i Oslo der forbildene ofte er lokale gangstere. Det som begynner som en tilsynelatende ubetydelig krangel i gjengen, ender i et drapsforsøk som etterlater Yahya med livstruende skader. Brødrene står ovenfor valget om å ta hevn eller velge tilgivelse. Gjennom epledyrkingsprosjektet Lif Laga lærer de om refleksjon og ansvar, og de blir tvunget til å reflektere over rettferdighet, skyld, hevn og tilgivelse.

I denne vekas vedtaksmøte, som var årets tiande og siste, vart det tildelt produksjonstilskot til spelefilm etter marknadsvurdering, dramaseriar etter kunstnarisk vurdering, og samproduksjon med utanlandsk hovudprodusent. 

Kontakt

Foto. Mann smiler

Bernt Erik Pedersen

Kommunikasjonsrådgiver