Hopp til hovedinnhold

Neo produksjon

Neo produksjon er ei tilskotsordning for manifesterte talent innanfor regi/serieskaparar som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, dramaseriar eller hybrid. Neo skal bidra til å få fram originale og modige prosjekt av høg kunstnarisk kvalitet. Det blir gitt tilskot til lågbudsjettproduksjonar.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot med eit ferdig utvikla prosjekt, til produksjon av eit verk på minimum 60 minuttar totalt.
  • Reisekostnader knytt til Neo-samlingar og arrangement kan tas med i produksjonsbudsjettet.
  • Du skal samtidig med søknad om produksjonstilskot avgjere om du søker etterhandstilskot. Du finn meir informasjon om etterhandstilskot lenger ned på sida.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til, og før prosjektfasen (produksjon) er sett i verk.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk, dansk eller svensk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Produsenten og nøkkelmedarbeidarar må ha 3-årig utdanning på bachelornivå i faget eller relevant og dokumenterbar filmfagleg erfaring innanfor sitt fagfelt.
  • Produksjonsselskap og/eller produsent må ha gjennomført og distribuert minimum éin produksjon med tilskot frå NFI, regionale filmsenter eller fond. 
  • Prosjektet må ha gjennomført minimum ein runde med Neo utvikling.
  • Produsenten må ha inngått ein intensjonsavtale med ein distributør for kino eller anna dokumenterbar visningsplattform for spelefilm og dokumentar, og ein bindande avtale (LOC) for dramaseriar. Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg, og ha brei marknadsandel i Noreg.   
  • Neo godkjenner ikkje medfinansiering kor det er sett redaksjonelle krav.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga to eller fleire gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.
  • Prosjektet skal følgje Nordic Ecological Standard (NES). Kravet gjeld ikkje dersom produksjonsbudsjettet til prosjektet er lågare enn 1 000 000 kroner på søknadstidspunktet.

Prioritering og vekting av søknaden

  • Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:
  • Kunstnariske kvalitetar, visjonar og ambisjonar i prosjektet. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga. Les meir om de kunstnariske kvalitetskriteria her. 
  • Regissørens talent og erfaring
  • Produsentens gjennomføringsevne i langt format

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til auka mangfald

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse

Vi kan prioritere filmskaparar som søker med sitt første prosjekt i langt format

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til kunstnarisk vågemot, variasjon og kvalitet i filmtilbodet.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Rehearsing for Justice
Les mer
Dato for vedtak: 21. mai 2026 Søker: INTEGRAL FILM OG LITTERATUR AS Tildelt:  1 540 000,- Regissør: Dalia AlKury Produsent: Nefise Özkal Lorentzen, Ola Hunnes Manus: Dalia AlKury Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
SØSKENBLIKK
Les mer
Dato for vedtak: 21. mai 2026 Søker: WESTORY AS Tildelt:  1 350 000,- Regissør: Solveig Årdal Produsent: Marie Helene Høyberg, André Folkestad Manus: Solveig Årdal, Marie Helene Høyberg, Linn Heidi Slåttøy Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Stone Life
Les mer
Dato for vedtak: 21. mai 2026 Søker: 4 1/2 FICTION AS Tildelt:  6 857 888,- Regissør: Gunhild Enger Produsent: Peter Theisen Amlile, Håkon Øverås Manus: Jørgen Færøy Flasnes, Johanna Pyykkö Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Den Dydige
Les mer
Dato for vedtak: 20. mar. 2026 Søker: MER Film as Tildelt:  7 100 000,- Regissør: Ina Therese Lerner Grevstad Produsent: TEODOR SVEN BØ, Øyvind Lierhagen Eriksen, Maria Ekerhovd Manus: Emil Wahl Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
This too Shall Change
Les mer
Dato for vedtak: 20. mar. 2026 Søker: TRUE STORIES PRODUCTION AS Tildelt:  1 375 000,- Regissør: Natalja Gunvor Bardina Jacobsen Produsent: Ola Hunnes, Anders Tangen (executive), Knut Kollandsrud (executive), Karl Emil Rikardsen (co-prod) Manus: Natalija G. B. Jacobsen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Arctic Blue
Les mer
Dato for vedtak: 11. des. 2025 Søker: Folk Film AS Tildelt:  1 100 000,- Regissør: Ismaele Tortella Produsent: Anita Norfolk Manus: Ismaele Tortella Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
The Line
Les mer
Dato for vedtak: 7. nov. 2025 Søker: MEDIEOPERATØRENE AS Tildelt:  6 600 000,- Regissør: Natasa Urban Produsent: Ingvil Giske Manus: Nataša Urban Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Small Talk
Les mer
Dato for vedtak: 7. nov. 2025 Søker: BACON PICTURES OSLO AS Tildelt:  5 700 000,- Regissør: Even Hafnor Produsent: Rebekka Rognøy Manus: Nora Landsrød, Even Hafnor Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
Big Deal
Les mer
Dato for vedtak: 20. aug. 2025 Søker: KRUELA FILM AS Tildelt:  7 240 000,- Regissør: Hedda Mjøen Produsent: Oda Kruse Manus: Hedda Mjøen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon
In Defense of Self
Les mer
Dato for vedtak: 26. mai 2025 Søker: MORILD FILM AS Tildelt:  1 350 000,- Regissør: Linn Helene Løken Produsent: Linn Helene Løken Manus: Linn Helene Løken Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Neo produksjon

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne smiler

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsrådgiver